fredag 7. september 2012

Fagdidaktikk, blogg og nettverkskompetanse


Vassprosjekt mellom David Livingstone High School og Luster vidaregåande skule



Målgruppe for dette læringsopplegget er elevar i den vidaregåande skulen

For å gjennomføre opplegget er ein avhengig av grundig planlegging og av  avtalar med bedrifter utanfor skulen. Ein er og avhengig av at elevane har tilgang til internett for å kunne skrive kommentarar og eigne refleksjonar i fagbloggen. 



Kompetansemål: 


Vassprosjektet er eit tverrfagleg opplegg som både nyttar den generelle delen av læreplanen og fagspesifikk læreplan i naturfag Vg1 nivå. I tillegg får elevane kompetanse innan ei rekke kompetansemål frå sammfunnsfag. 

Det første hovudmålet til vennskap Nord/Sør går mellom anna ut på å få til eit aktivt venskapssammarbeid mellom partane. Vidare i mål 3 til vennskap Nord/Sør står det å fremje gjensidig kulturell forståing og kontakt mellom folk med ulik kulturell bakgrunn

Generell del i læreplanen omhandlar overordna mål for skulen. Vidare i den generelle delen av læreplanen finn vi skildringar av 7 mennesketypar. 


  • Det meiningssøkjande mennesket
  • Det skapande mennesket
  • Det arbeidande mennesket
  • Det allmenndanna mennesket
  • Det samarbeidande mennesket
  • Det miljømedvitne mennesket
  • Det integrerte mennesket

Difor la vi opp til at elever på skulen var med på både dei faglege opplegga og utfluktar som var av meir sosial karakter.  

Å medverke til ei utvikling som ivaretek menneskerettar, fremjar mellommennskleg solidaritet, demokrati og bærekraftig utvikling.

Eit av måla frå hovudområdet «berekraftig utvikling» i naturfag for Vg1  seier som følgjer: Du skal kunne «forklare og nemne døme på føre-var-prinsippet, usikker kunnskap og omgrepet berekraftig utvikling»



Innhald:

Berekraftig utvikling vil seie at vi får dekt våre behov utan at det øydelegg for komande generasjonar når dei skal dekkje sine behov. Det faglege opplegget rundt samarbeidet går direkte på dette kompetansemålet. Korleis forvaltar og nytter vi vassressursane våre i dei to landa? Både Zambia og Noreg har rikeleg med ferskvatn, og i begge landa blir vatnet nytta til kraftproduksjon og turisme i tillegg til drikkevatn.

Utfordringa i mange områder er å beskytte drikkevasskjeldene mot ureining og ha distribusjonsnett som sørgjer for å  levere nok òg reint drikkevatn til forbrukarar. I Noreg følgjer vi EU sitt vassdirektiv som seier noko om kva slags krav ein stiller til drikkevasskjelder som forsyner meir enn 50 personar. 

I dette undervisningsopplegget, som vi laga til for samarbeidsprosjektet, knyta vi til oss fagpersonar i lokalområdet. Dette var heilt i tråd med måla frå venskap Nord/Sør. Vi nytta Statens naturoppsyn til å fortelje om Jostedalsbreen nasjonalpark og forvaltninga av denne «vassressursen» og vi besøkte Statkraft sitt kraftanlegg i Myklemyr og fekk god orientering om korleis eit vasskraftverk er bygd opp.

Dette passa godt inn i programmet ettersom eit anna kompetasemål under hovudområdet berekraftig utvikling i naturfag, er å «vurdere miljøaspekt ved forbruksval og energibruk»

Vasskraft er ei fornybar energikjelde som ikkje slepp ut CO2. Global oppvarming og klimaendringar er og eit stort og viktig tema som bør «bakast inn » i undervisinga i ale samanhengar som det fell naturleg.

Vi samarbeida og med Luster kommune sin avdeling for kommunalteknikk og fekk informasjon om koreleis Hafslo sitt drikkevatn vert behandla. SognLab  er eigd av kommunane i Indre Sogn og her vert vassprøver frå kommunane analysert og om ikkje vatnet stetter krava får vassverka krav om å setje i gang tiltak.

Undervisnings- og arbeidsmåtar:

Blogg som kommunikasjonsmiddel og kunnskapsformidling er ein sentral del av prosjektet. Det som gjer at blogg egnar seg i eit slikt undervisningsopplegg og er meir interessant berre vanlig heimeside, er at andre kan kommentere på innlegga. Ein blogg kan innehalde tekst, videobasert innhald, lyd, bilete og ikkje minst lenkjer til andre læringsressursar/bloggar.

Lenkjene gjer det lettare å finne utdjupande informasjon om aktuelle stader/tema som vert tatt opp i innlegget. I tillegg visar lenkjene at bloggen er oppdatert. Gjennom lenkene kan ein og vise til det som andre har gjort og reflektert, i liknande samarbeidsprosjekt. Å ta stilling til det andre har skrevet og bygge vidare på dette vil vere viktig både for kvaliteten og relevansen av innhaldet.

Det å "blogge" kan for mange vere ein læringsprosess. Ein kan skrive om sine  eigne interesser. Ved å møte andre bloggarar, gjennom kommentarar og lesing av andre sine bloggar, inngår bloggaren i eit nettverk. Bloggaren viser også at informasjonsinnsamling, refleksjon, og idémyldring er sentralt i jobben med bloggen. Denne kreative skriveprosessen vert synonym med læring. 


Ein viktig del av dette samarbeidsprosjektet er at elevane får ut å sjå korleis det verkeleg er der det vert jobba med slike problemstillingar. Gjennom besøk, høve til å treffe fagfolk, kunne stille relevante spørsmål og opplevingar er ein sentral del av prosjektet.
Potensialet for bruk av blogg i undervisning er stort.

Vurdering: aktivitet og det faglege innhaldet i kommentarane er det som vert vurdert.

«Venskap i vatn»


Video frå besøket hausten 2011



Bakgrunn

David Livingstone High School og Luster vidaregåande har sidan 2002 hatt ein venskapsavtale som har resultert i fleire besøk hjå kvarandre.  Samarbeidet starta med eit besøk av elevar og lærarar frå Luster til Livingstone i 2004. I 2010 fekk Luster besøk av elevar og lærarar frå Livingstone. Under det tredje møtet, hausten 2011, vart det jobba med ein felles søknad for finansiering frå Vennskap Nord/Sør, då ved at lærarar frå Luster var på besøk til Zambia. Etter å ha fått innvilga søknaden vart det faglege samarbeidet sett i verk hausten 2012, med vatn som tema for felles prosjekt.


Luster vidaregåande skule er ein av dei minste vidaregåande skulene i Sogn og Fjordane med ca 130 elevar og ligg i tettstaden Haflso. Bygda har om lag 1400 innbyggjarar og det er snaue 2 mil til regionsenteret Sogndal. Hafslo er ei typisk vestlandsbygd med spreidd busetjing med mange små gardar. Gjestene våre frå Zambia bur i Livingstone, som er ein stor by også i Zambesisk målestokk. 

Vennskap Nord/Sør -formål:

Å skape utvikling krev innsikt i globale spørsmål  og konkrete, lokale tiltak. Venskapssamarbeid gjer menneska bevisst dei store samanhengane i verda. Samtidig set vi menneska i stand til å skape endringar i eige nærmiljø. Ved å byggje lokale nettverk vert sivilsamfunnet styrka, og nye, kreative løysingar ser dagens lys. Vi driv ikkje bistand eller naudhjelp, men skapar dialog og konkret samarbeid mellom likeverdige partar.
Vennskap Nord/Sør har tre hovudmål:

  1. Å samle kommunar, organisasjonar, grupper, institusjonar og enkeltpersonar til aktivt venskapssamarbeid mellom Noreg og utviklingsland.
  1. Å medverke til ei utvikling som ivaretek menneskerettar, fremjar mellomfolkeleg solidaritet, demokrati og bærekraftig utvikling.
  1. Å fremje gjensidig kulturell forståing og kontakt mellom folk med ulik kulturell bakgrunn

Gjennomføring av vassprosjekt (logg)

Besøk frå Zambia og David Livingstone High School til Luster og Luster vidaregåande skule. To lærarar og tre elevar kom til Gardermoen den 25. august. Her vart dei henta med bil og køyrde til Hafslo. Dei vart innlosjert på Tang hytter. På kvelden var det middag og velkomst på skulen. Her gjekk vi gjennom programmet for besøket.

Søndag 25.08.2012

Søndag var gjestene på privat besøk hjå vener her på Hafslo. Denne dagen var dei på sightseeing  i nærmiljøet. På ettermiddagen var det eit uformelt treff, der vi mellom anna la til rette for Facebook kontoar, slik at vi kan halde fram samarbeidet på nettet utover skuleåret.

Måndag 26.08.2012

Elevar og lærarar frå David Livingstone High School kom til skulen og åt frukost i lag med elevar og lærarar frå Luster vidaregåande skule. Etter frukosten var alle samla i auditoriet for felles informasjon om prosjektet og korleis dette er lagt opp, kven som er med å støtta det og ein framdriftsplan for  prosjektet.



Alle elevane ved Luster vidaregåande skule var samla i auditoriet for å møte gjestene frå Livingstone i Zambia.



Elevane frå David Livingstone High School presenterte landet, lokalmiljøet og skulen sin.

Dei besøkjande var så innom alle klassane og fekk ein kort møte med litt informasjon om våre utdanningsvegar.

Etter presentasjonen gjekk turen til  Hafslo vassverk  som ligg rett ved Luster vidaregåande skule. Her  fekk vi omvising og orientering om vassbehandling i Luster kommune av kjemiingeniør Ingrid Slinde og røyrleggjar Kjell Skjolden. Vassverket hentar vatn frå Hafslovatnet på 15 meter djup. Vatnet vert reinsa  med membranfilter og stråla med UV lys for å drepe virus og bakteriar. Representanten frå kommunen informerte og om ulike reinsemetodar som vert nytta i Noreg og om kva metode som er mest vanleg i vårt område.  I tillegg snakka vi om at det er eit stort problem med lekkasje i røyrsystem ut til forbrukar. I einskilde vassverk forsvinn opptil 50% av vatnet grunna lekkasje.  Vi tok prøver frå vatnet og sende til Sognlab for analyser. Resultata frå prøvane vart presentert for oss når me vitja Sognlab seinare i veka. Vi tok òg med ureinsa vatn tilbake til skulen for å sjå på det.



Hafslo vassverk med representantar frå Luster kommune, teknisk drift Kjell Skjolden og Ingrid Slinde



Mikroskopiering på Luster vidaregåande skule


Måndag ettermiddag hadde barne og ungdomsarbeidarklassen og helsefagarbeidarklassen lagt til rette for ein aktivitetsettermiddag. Her laga vi mat saman, åt, padla og bada i Hafslovatnet  og spela volleyball saman. Dette var ein fin kveld for elevane å bli betre kjende. Det var mange elevar som møtte på denne kvelden, og det vart ei sosial samling som medverka til å skape god kontakt mellom elevar og lærarar frå dei to skulane.



Måltid i skulen sin matsal




Kano og kajakk på Hafslovatnet.

Tysdag 27.08.12

Elevar og lærarar frå David Livingstone High School kom til skulen og åt frukost i lag med elevar og lærarar frå Luster vidaregåande skule.  Elevane vart invitert til å vere med på ei kjøkkenøkt i lag med elevar på utdanningsprogram for restaurant og matfag.




Kjøkenøkt

Etter denne økta vart det arrangert tur til Sognefjellet. Her deltok nokre elevar frå Luster vidaregåande skule. Oppe på Sognefjell fekk dei Zambiske gjestene møte snø for fyrste gong i livet sitt. Stemninga var stor!!. Etterpå køyrde vi til Nørdstedalseter og fekk servert eit godt måltid i lag med turgåarar i Breheimen. Nørdstedalseter er ei DNT hytte som ligg på 937 moh. Hytta serverte lokal mat basert på lokale råvarer og lokale mattradisjoner.( http://ut.no/hytte/noerdstedalseter)





Middag på Nørdstedalseter




Lunsj på Sognefjell





Møte med snø

Onsdag 29.08.2012

Klokka 09.00 var det klart for avreise til Jostedalen både for elevar frå David Livingstone High School og Luster vidaregåande skule. Første stopp var Leirdalen fyllingsdam. Her vart det orientert om korleis vi nyttar vatn frå snø og brèsmelting til kraftproduksjon. Etter som vi har størst behov for energi om vinteren, lagrar vi vatn i store magasin for å kunne nytte dette til produksjon av straum om vinteren. Her møtte vi òg ein journalist frå Sogn Avis som laga ein reportasje om besøket og prosjektet vårt.





Tunsbergdalsdammen i Leirdalen

Vi køyrde vidare oppover Jostedalen og fram til Nigardsgrandane. Her vart vi møtt av ein representant frå Statens Natur Oppsyn (SNO, Anne Rudsengen). Ho orienterte om Jostedalsbreen nasjonalpark og om korleis brear formar landskapet. Vi tok båten over Nidgardsbrevatnet og gjekk den siste biten opp mot breen. Framme ved brekanten vart det gjort eit eksperiment for å syne at bre er «levande» is i motsetnad til frose vatn frå springen. Vi eksperimenterte òg med korleis breen har grave ut dalføre. Vi hadde frose ned stein i is som vart skurt mot berg.  Anne kunne òg fortelje at breen inneheld nok vatn til alt forbruk i Noreg i 100 år framover. Chrispin, geografilærar ved frå David Livingstone High School som underviser om desse tema til sine elevar, var glødande interessert. Han gleda seg å komme tilbake til skulen for å kunne fortelje om opplevingane sine. (http://www.naturoppsyn.no)






Forsøk med breis og frose vatn frå vassverket


På veg tilbake til Gaupne var vi innom to kraftverk. Vanndøla småkraftverk er eit lite elvekraftverk som produserer straum nok til 600 hustandar. Kraftverket er fint å syne fram som eit døme på korleis eit kraftverk fungerer, ettersom ein kan sjå kor vatnet kjem inn, turbinen og generatoren, samt kor vatnet kjem ut igjen.  





Elevar og lærarar frå Luster vgs og Livingstone High School



Kraftstasjonen i Myklemyr er Statkraft sitt anlegg. Her vart vi møtt av Ivar Hårklau. Han tok oss med 1,6 km inn i fjellet, slik at vi kunne sjå den 10 etg store «bygningen» som  ligg inne i fjellet.  Anlegget produserer straum til  om lag 46000 husstandar. Inne i kraftstasjonen rekna vi på farten som vatnet har når det treff turbinen. Svaret vart 151 m/s.  Vidare fekk vi omvising i etasjane, såg på ulike typar turbinar og såg ein film om vindkraftverk utanfor Storbritannia . (http://www.statkraft.no)


Rekneøvinga i kraftstasjonen i Myklemyr. Ivar Hårklauv frå Statkraft var ein god pedagog.






Alle elevane og lærarane frå Luster vidaregåande skule og Livingstone High School  framfor eit vasshjul i kraftstasjonen på  Myklemyr.


Torsdag 30/8.2012

Denne dagen var det skuletur til Fjærland. Vi reiste med rutebuss til Fjærland og med turbuss heim. Fyrst var vi på Norsk Bremuseum (http://www.bre.museum.no). Vi såg på den flotte klimautstillinga som museumet har laga i stand. Etterpå var vi i Den norske bokbyen (http://bokbyen.no) og på Hotel Mundal  (http://www.hotelmundal.no). Vi åt lunsj, medbrakt matpakke som eit norsk «fenomen», på bremuseet. Gjestene våre frå Zambia deltok på lik linje som elevane frå Luster vidaregåande skule.



Bremuseet i Fjærland har mange aktivitetar knytt til is






Elevane frå Livingstone, Zambia kjøpte bøker i Bokbyen.

Fredag 31.08.2012

Fredag var det elevfri ved Luster vidaregåande skule, men  fleire av elevane  ynskte å delta på denne dagen i lag med dei zambiske gjestene våre. Fyrst gjekk turen til SognLab i Sogndal. Dette laboratoriet er eigd av kommunane i Indre Sogn, og dei analyserer vassprøver frå vassverka  i Indre Sogn. På Sognlab demonstrerte dei korleis rutinar dei har ved behandling av vassprøvane, dei orienterte om dei ulike krava som vert sett til drikkevatn og dei synte oss ulike bakterieprøver. (http://www.sognlab.no)



Analyser av vassprøver på SognLab

Etterpå besøkte vi De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum der vi fekk ei omvising. (http://www.dhs.museum.no/)







Bering av vatn ved De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum

Dette er starten på eit fagleg prosjekt som begge skulane håpar å kunne vere med på å vidareutvikle i  framtida.