lørdag 29. mars 2014

Torsdag 27. mars: tradisjonelle levemåter i Zambia og avskjedsmiddag.


Då var den siste heile dagen i Livingstone kommen. Som alle dei andre dagane, skein sola frå ein skyfri himmel då vi stod opp. Og som som (nesten) vanleg, var Kjersti først på farten. Ho skulle møte den eine mattelæraren på skulen for å vise han nokre matteplanar og korleis elevane kan jobbe litt praktisk i timane. Men det som viste seg å vere det han meinte var mest interessant, var å få vite om gode matteprogram som ligg gratis på nettet. 

Dei andre vart som vanleg henta på hotellet og køyrd til skulen. I dag skulle vi ta farvel med lærarane der. Etter litt "African time" dukka mange av lærarane opp i "staff room", og det var tid for takketalar. Vi har lært at ting er noko meir omstendeleg og formelt i Afrika enn vi er vand med heime. Rektor takka oss for besøket, og Kjersti og Gro oppsummerte opphaldet og takka for oss. Vi hadde med nokre turist-bøker frå Sogn som vi la att til lærarane slik at dei kunne sjå korleis det er heime hjå oss. Etterpå var det inn på rektor sitt kontor for å skrive i protokollen. Vi skulle skrive ei lita helsing og signere. Nesten som ei hyttebok heime. 

I dag var dagen då vi skulle nærare på Zambiske tradisjonar og historie. Første stopp var museumet i byen. Då vi kom, var heile trappa inn til museumet full av søte barnehageungar i barnehageuniformen sin som sat og kvilte etter sitt museumsbesøk. Men midt i alle dei brune andleta spotta vi to kvite. Det viste seg å vere studentar frå høgskulen i Sogndal som var i praksis i Livingstone i tre månadar :) Musemuet var inndelt i ulike avdelingar som tok føre seg Zambia frå forhistorisk tid og opp til i dag. Vi fekk sjå modellar av dei første menneska, steinalderbustader, tradisjonelle landsbybustadar i moderne tid, ei utstilling av det mangfaldige dyrelivet ein finn, vi lærte om tradisjonelle religionar og heksekunst, og sjølvsagt var det ei stor utstilling om den første kvite mannen som fekk sjå Victoriafallene og som brukte mange år som oppdagar i Afrika - skotten David Livingstone. Dama som viste oss rundt var svært opptatt av at Zambiarane måtte bevare den tradisjonelle kulturen sin, og ikkje berre etterape den vestlege kulturen i så mykje. Ola gjekk derifrå med augene utanpå etter at både guiden og Namukolo bekrefta at voodoo-magi virka for dei som hadde den rette krafta! Ikkje berre på skrekkfilm, altså ;)
Barnehage på museumsbesøk, med to studentar frå Høgskulen i Sogndal i praksis. 

Så bar turen litt ut av byen, til Mukuni Village. Det er ein tradisjonell zambesisk landsby der kvar familie bur innafor eit inngjerda område med runde hytter som har stråtak. Det er ei hytte som er kombinert stovehytte og soverom for foreldra, ei sovehytte for gutane, ei sovehytte for jentene og ei meir open kokehytte. Ungane søv på golvet i foreldra si hytte til dei er fem år, då må dei flytte i dei andre sovehyttene. Det er ikkje mykje Toro der i garden, alt vert laga frå botnen 
og det meste frå nøtter og vekster dei finn i naturen og frå husdyra dei held. I Zambia der det mange høvding-dømmer, og kvar høvding er den lokale kongen. Han har eige "palass" og er ein opphøga person. Alle som skal innanfor hans inngjerda område, må bøye seg på huk og klappe i hendene før dei går inn. Det same gjaldt når vi skulle inn i besøkshytta hans. Mukuni-høvdingen tek aldri imot nokon utanfor familien i dei private bygningane sine, så det er ei eiga hytte der han tek imot gjester. Hytta har to inngangar. Den eine er det kun tre personar i heile verda som kan bruke: the chief, the chifteness (dame-høvdingen) og presidenten i Zambia. Absolutt alle andre må bruke den andre døra, eller bli slavar resten av livet. Så langt i høvdingdømmet si histiorie har enda ingen prøvd seg på feil dør, da;) 
Ein typisk innhegning rundt hyttene til ein familie på landsbygda. 
Sovehytta til jentene.
Kokehytta. Mannen er guiden vår i Mukuni Village, og dama  med kvit topp er Mrs Banda som var med oss fleire dagar

Besøkshytta til høvding Mukuni, men trona til venstre, høvdinginngangen bak guiden og allemannsinngangen til høgre.
Mukunihøvdingen har og ein eigen dyrepark. Der fekk vi sjå ei majestetisk hannløve, tre flott hoer, og tre ungar som var 14 månader gamle, men på ingen måte småe! Dyrepassaren hadde eit godt forhold til ungane, så han gjekk inn i buret og kjælte med dei og viste fram klørne deira. Løveungane låg heilt avslappa og så ikkje ut til å bry seg. I andre bur såg vi ein leiken geopard og ei hissig afrikansk gaupe. Då besøket i Mukuni som skulle vare ein time var slutt etter tre timar, var vi fulle av blanda inntrykk. 
Gepard med godt forhold til dyrepassaren.
Dyrenes konge

Etter ei lita stund med avslapping på hotellet, var det tid for avskjedsmiddag. Med på middagen var rektor,3 lærar og ein foreldrerepresentant for elevane på skulen, saman med oss 7 frå Luster. 
Der fekk rektor overrekt ein sjekk på 30.000 kr. Desse pengane har alle elevane ved Luster vgs samla inn via "Gi eit dagsverk". Dette vart sjølvsagt motteke med stor takk og glede. Det er 3. gongen David Livingstone Highschool mottek pengar frå Luster vgs. Desse pengane, i tillegg til bidrag frå 3 andre instansar, går til å bygge og drive ein avdeling for funksjonshemma barn. Utan denne støtten ville ikkje desse barna hatt noko tilbod om opplæring. Å få sjå at desse barna har det bra på skulen, gir oss engasjement og motivasjon til å støtte dette prosjeketet vidare.
Ola overrekker gåvesjekken pålydande 5000 USD (kr 30 000,-) på vegne av alle elevane ved Luster vgs til representantar for Livingstone Secondary School: foreldreutvalsleiaren, rektor Febby og Namukolo.  

I det heile kan vi vel seie at med alle dei fantastiske opplevingane vi har hatt og med innblikket vi har fått i det Zambesiske samfunnet denne veka, har vi sterke ynskje om at samarbeidet med Livingstone Secondary School kan fortsetje også med Sogndal vgs.






onsdag 26. mars 2014

Landsbyen Mwandi, onsdag 26. mars

I dag byrja dagen tidleg for Kjersti, som vart plukka opp rundt halv 8 for å delta som lærar i ein mattetime. Her fekk ho mykje merksamd då ho lagde smilefjes istaden for ei hake der det var rett. Elevane skjønte først ikkje kva dette smilefjeset var for noko, men då dei forstod det, ville alle ha! Kjersti tykte dette var ein svært lærerik oppleving. I motsetning til oss i Noreg, er elevane her svært engasjerte og konkurrerer om å svare først, uavhengig om svaret er rett eller ikkje.
Me andre fekk derimot sove nokre timar lenger, og vart henta halv 10. Då drog me til skulen og plukka opp Kjersti, nokre lærarar og nokre elevar. I motsetning til før i veka var sjåføren i dag tidleg ute, heile 10 minutter før faktisk! Så satte me kursen mot landsbyen Mwandi, ca to timar frå Livingstone. Etter rundt ein halvtime med behageleg køyring, møtte me nokre svære hol i vegen som varte til me kom fram der me skulle. I bilen vart det allsang med Hompetitten Hompetatten Hompetittenteia, sjølv om me berre kunne refrenget.


Langs heile vegen var det berre bush etter bush, med ei og annan stråhytte.




Så kom me endeleg fram til landsbyen Mwandi. Her vart befolkninga fascinert av dei lyshuda skapningane som saumfarte gata. Dei var like interessert i å ta bilete av oss som me var i å ta bilete av dei. I sentrum av landsbyen, som bestod av eit stort tre midt i gata, satt det mange kvinner og selte tørrfisk. 





Etter turen på ZEMA i går, fekk me i dag eit nærmare inntrykk av den mangelfulle avfallshandteringa i landsbyane. Langs vegane låg boset som strødd. Det var overalt! I landsbyen låg avfallet i haugar langs husveggane, og ein kunne sjå aske frå tidlegare brente haugar med bos. Me fekk sjå på medan ein mann sløya ein fisk i ein skitten balje, og innvollane vart berre kasta bort i haugen. 





Her er litt fleire bileter frå dagen vår i Mwandi:

Landsbyens beste restrant! Godkjent av Ola Kinserdal.


 Desse gutane var svært interesserte i oss, og fulgte oss rundt heile dagen



Welcome to the best winner barber shop!


Her kunne ein få sydd inn extensions i håret

Brønnen der dei henta grunnvatn med handpumpe

Denne swaggy boyen fekk låne solbrillene til Ola

Denne dama kom oppglødd og springande mot oss som satt i bilen, og viste fram ein kobra som ho hadde drepe med eit spyd. Ho hadde også med seg ei lite barn på ryggen.


I landsbyen såg me også barn som viste teikn på underernæring. Her ser me læraren Namukolo saman med to jenter frå landsbyen. 

Ola hadde med seg litt klede som han delte ut til barna.¨


Dagens fun fact: Me har lagt merke til at når bilane skal bremse ned og stoppe, enten for fotgjengarfelt, bommar, vaktar eller lyskryss, så set dei på nødblinken for å vise at dei bremsar eller stoppar.

tirsdag 25. mars 2014

Besøk på ZEMA og i Croc farm, tysdag 25. mars

I dag vart me henta rundt 8-tiden og køyrte til skulen for å plukke opp nokre elevar. Elevane som vart med var dei som hadde vore i Noreg hausten 2012 og 2013, og gjensynsgleda var stor. Så reiste me på besøk til ZEMA som er avfallshandteringsstasjonen i Zambia. ZEMA har fire kontor i Zambia og ein av dei ligg i Livingstone. Der fekk me høyre foredrag om korleis dei arbeida og handterte ulike typar avfall. Eit av problema med avfallshandteringa er at det er eit dårleg system som fraktar søppel frå heimane til ein søppelplass. Det systemet som finst her er lite kjent blant innbyggjarane og blir ikkje brukt nok. Eit anna problem er å redusere mengden avfall. Opptil ein tredel av all maten som blir kjøpt i veka blir kasta, men dette gjeld mest dei som har god inntekt. Dette er eit kjent problem i Noreg også. Det kan virke som ZEMA har mykje kunnskap om avfallshandtering, men at denne kunnskapen ikkje kjem ut til folket. Varmen og all informasjonen tok litt på for norske hovuder, men informasjonen me fekk var svært interessant. Noko av det som kom ut av besøket var at David Livingstone Secondary School ønskte ZEMA velkomne til skulen for å snakke om avfallshandtering. Dei fire zambiske elevane som var med oss viste stor interesse for tema og var positive til forslag og endringar.


Kjersti deler ut norsk sjokolade og ei bok om fjorden vår.


Me hadde ein lunsjpause kvar for oss, før turen gjekk vidare til Crocodile Farm. Der fekk me sjå krokodiller og slangar, og me fekk til og med halde krokodillebabyar!
Lærarane Kjersti og Namukolo









Albino krokodillen, Mr. Mustard


Dagens fun fact: Om du forsøplar på gata, skal du i følge loven få ei bot på rundt 9000 kr, men om dette blir fulgt opp veit me ingenting opp. Moralen er: finn deg ei søppelbøtte!

mandag 24. mars 2014

David Livingstone Secondary School og Safari, mandag 24 mars

I dag starta dagen tidleg. Me vart henta klokka 07.00 og køyrte til David Livingstone Secondery School. Der vart me tatt godt imot av lærarar og elevar som hadde morgensamling utandørs. Me presenterte oss for alle sammen og fekk jublande applaus. Morgensamlinga avslutta med at nokre elevar sang nasjonalsangen til Zambia. Seinare besøkte me kunstklassen som lagde ulike ting av avfall. Dei lagde smykker av bruskorkar og sjokoladepapir og figurar av streng og pappmasje. Vidare besøkte me ulike klassar og såg på kva dei dreiv med. I lunsjen fekk me smake lokalmat som skulen hadde laga til. Der fekk me nshima, tradisjonell kylling og fisk, gresskarbladstuing, biffstuing, pastasalat og anna tilbehør. Før me åt maten måtte me vaske oss på hendene i ein balje med ein vasstank over. 

På David Livingstone Secondary School er det så mange elevar at dei må dele opp i to puljar, ein på formiddagen og ein på ettermiddagen. Det er ca 815 elevar i kvar pulje.
Framføring av Zambias nasjonalsang


Kunstklassen






Bilder laga av frø som er limt på.


Ola vart populær blant jentene
Læraren måtte gå, og ein av elevan fekk overta undervisinga



Bygget for elevar med psykisk utviklingshemming, som Luster vgs har vore med å støtte økonomisk
Det var ca 15 elevar i klassen




Seinare i dag reiste me på Safari i nasjonalparken Mosi-oa-tunya. Der fekk me sjå eit breitt utvalg av Zambias dyreliv.
Giraff
Gnu
Flodhest
Impala
Ein av parkforvaltarane i nasjonalparken
Nasehorn
Det var ikkje lange avstanden mellom oss og dei ville dyra
Vortesvin. PUMBA!!
Øgle

Det var bokstavleg talt ein vill dag!

Dagens fun fact: Solrun fann ut at om ho hadde budd i Zambia, og slutta på skulen no, kunne familien hennar selt ho til ein mann som ville gifte seg, for rundt 7-8 kyr. Men det måtte skjedd fort, for når ho blir litt eldre er ho ikkje vert noko.