mandag 3. desember 2012


30.11 Siste dag i Livingstone

Dagen starta med besøk i Livingstone naturhistoriske museum. Saman med våre vener her i Livingstone fekk me ein omvisning frå  tidleg steinalder og fram til i dag.  Museumet hadde ulike avdelingar  som med gode illustrasjonar og utstillingar viste  utviklinga av mennesket, samfunnsutvikling frå land til by og korleis landet har endra seg frå tid med slavehandel, frå koloni til sjølvstende. Det er faktisk under 50 år sidan (1964) landet vart eigen stat, då vart dei frigjort frå Storbritania. Undervegs fortalde Namukolo oss om ulike «feiringar» i livsløpet. Det var interessant og litt rart å høyre om korleis det er å bli «sertifisert» som vaksen kvinne klar for å stifte familie. Her var mykje å lære om og forhåpentlegvis sit me alle att med litt meir kunnskap om land og kultur.

 
Museet hadde også ein eigen avdeling som viste David Livingstone sitt liv frå hans oppvekst i Europa til alle misjonærturane og grunnlegging av Livingstone. Historisk er han ein svært viktig person for folket her.

 
Fyrste dagen me var på skulen såg me mykje fint stoff som var batikkfarga, og i dag skulle me få sjå prosessen. Mr Nava, som er kunst- og handverkslærar,  viste oss korleis ein lagar batikk. Nokon av oss bretta saman ulike stoff, han la dei i fargekar og vips så hadde med dei flottaste mønstra. No kan me forstå korleis alle flotte fargane på stoff vert til. Vel og merka er dette ein prosess med ein del sterke kjemikaliar, så her skal ein i høgste grad bruke verneutstyr.

 Presentasjon og litt formidling til lærarkollegiet, ein glad gjeng som no gjekk ut i ferie! rektor Mapondo i bakgrunn

Etter desse to øktene var det tid for å ta farvel med elevane som har vore med oss fleire dagar: Masela, Mulimo, Maggret, Kabwe og Timothy. Dei er klare for ein lang ferie fram til 7.januar no. Nokon «sommarjobb»  er ikkje aktuelt men  å  hjelpe til heime hjå foreldra er ein naturleg del av kvardagen.

 



Seinare på kvelden møtte me rektor Mapondo, deputy head teacher Mr. Inyambo, Miss Namukolo, Mr.  Nawa og sjåføren «Sibs» til ein koseleg avsutningsmiddag.  Her  var det utdeling av gåver både frå sør og nord  og praten gjekk livleg  om ulike ting, som mellom anna erfaringar og neste prosjekt. Me skulle også overbringe dei varmaste helsingar frå rektor og lærarane til elevar og tilsette ved Luster vgs.

 Elles så er dette ein dag med  tankar tilbake og refleksjon over denne tida me har tilbringa her. Her er så uendeleg med inntrykk og ikkje alt er like lett å formidle. Elevane er i gang med å førebu seg  til korleis dei skal formidle dette til resten av skulen  og  lærarane held på med evaluering av inneverande prosjekt samt søknad for nytt prosjekt.

Kort oppsummert :

At det ikkje berre sand, små hytter og elendigheit, slik me ser på nyheitene. At dei har mykje av dei same tinga som me har i Noreg.

Vi har sett at Zambia er rike på vassressursar, slik som vi er heime i Noreg. Kraftstasjon ved Victoria falls var enorm og då vert vår i Jostedalen litt liten i forhold.

Vi hadde trudd at drikkevatnet var tilsett mykje fleire kjemikaliar enn det som er sanninga. Me klorar vatnet på lik linje medan dei og tilset kjemikaliar for å gjere vatnet klårt.

Det har vore utruleg kjekt å bli endå betre kjent med elevane og lærarane og endå fleire frå Livingstone.

                    Zibs er "ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør"!

Ein ting som alle la godt merke til var den utruleg høflegheiten, og klemminga mellom mennesker. Heilt frå første stund vart me tatt imot med handhelsing og klemmar. Dette var veldig underleg i byrjinga då dette absolutt ikkje er vanleg i Noreg. Kvifor skal eg klemme ein ukjend person, var ein tanke som surra gjennom hovudet. Litt etter litt blei me vande med dette, og plutseleg blei me alle like ivrige som våre venner fra Livingstone.  

TAKK FOR EIN FANTASTISK TUR

 Amalie, Arinda, Espen, Monica, Margrethe, Morgan, Gry

  

 

 

 





29.11.12 Kraftverk og Victoria Falls

Me reiste til kraftverket i Livingstone. Her vart me viste rundt på tre kraftstasjonar som låg nede i eit juv, 107 meter frå normalhøgda. Det var eit enormt stort anlegg, den største kraftstasjonen hadde 6 store turbinar som på maksimum kan produsere 60 mega watt. Frå den største gjekk me til den nest største, dette anlegget hadde 4 turbinar og kunne produsere 40 mega watt. Det minste anlegget kunne produsere 8 mega watt og var frå 1934. Straumen blir danna av vatn frå Victoria Falls som går inn i turbinane og får dei til og gå rundt. Sjølv om alle desse kraftstasjonane produserer 108 mega watt er dette berre den tredje største kraftstasjon i Zambia. Totalt blir det produsert maksimum 1500 mega watt i heile Zambia.  Livingstone brukar mellom 25 og 40 megawatt,  men dette er ikkje nok Zambia treng 2000 mega watt. Inntekta til kraftasjonane er pengane dei får fra kundar. Kundane har to ulike måtar å få straum på, dei kan kjøpe straum på førehand eller at kraftasjonen estimerer kor mykje straum dei brukar. Dette er ulikt frå Noreg,  der ein betalar etter kor mykje ein har brukt.

 
Utanfor kraftstasjon, 26 etg med heis ned frå platået
Etter besøket i kraftverket reiste me for å sjå sjølvaste Victoria Falls. Dette var stort for både lærarar og elevar frå begge land. Før me starta å gå var det lunch i bussen. Me skulle ete på kanten av fossen, men bavianane hadde vorte for pågåande for å ta maten frå oss. Det er ikkje tilrådeleg å legge seg ut med dei, dei kan skade mennesker. Fossen var ikkje akkurat som me hadde sett føre oss. På alle bilda me hadde sett på førehand var det MASSE vatn. Men me fekk sjå korleis det er når det ikkje er regntid. Då er det mindre mengd med vatn og det blir meir enkelte elver og ikkje ei stor. Dei som ville kunne få vere med å gå ned til «the boiling point» som var i botnen av Victoria Falls. Espen, Morgan og Gry gjekk ned mens me andre jentene gjekk på markedet og fekk kjøpt seg endå fleire souvernirar.  Me fekk og vassa litt i Zambezielva,  vatnet var veldig varmt og godt å vasse i.


Bading i Zambezi, før vatnet fer utfor

 

Attende på hotellet gjekk det ikkje mange minutta før Amalie, Espen og Arinda hadde komme seg nedi bassenget, dette grunna at me endeleg hadde ein soldag. Seinare på kvelden reiste me på restaurant med Namucolo og åt god mat. I alt har dagen vore  fin og interessant.  Victoria Falls var stort å få sjå.