mandag 3. desember 2012


30.11 Siste dag i Livingstone

Dagen starta med besøk i Livingstone naturhistoriske museum. Saman med våre vener her i Livingstone fekk me ein omvisning frå  tidleg steinalder og fram til i dag.  Museumet hadde ulike avdelingar  som med gode illustrasjonar og utstillingar viste  utviklinga av mennesket, samfunnsutvikling frå land til by og korleis landet har endra seg frå tid med slavehandel, frå koloni til sjølvstende. Det er faktisk under 50 år sidan (1964) landet vart eigen stat, då vart dei frigjort frå Storbritania. Undervegs fortalde Namukolo oss om ulike «feiringar» i livsløpet. Det var interessant og litt rart å høyre om korleis det er å bli «sertifisert» som vaksen kvinne klar for å stifte familie. Her var mykje å lære om og forhåpentlegvis sit me alle att med litt meir kunnskap om land og kultur.

 
Museet hadde også ein eigen avdeling som viste David Livingstone sitt liv frå hans oppvekst i Europa til alle misjonærturane og grunnlegging av Livingstone. Historisk er han ein svært viktig person for folket her.

 
Fyrste dagen me var på skulen såg me mykje fint stoff som var batikkfarga, og i dag skulle me få sjå prosessen. Mr Nava, som er kunst- og handverkslærar,  viste oss korleis ein lagar batikk. Nokon av oss bretta saman ulike stoff, han la dei i fargekar og vips så hadde med dei flottaste mønstra. No kan me forstå korleis alle flotte fargane på stoff vert til. Vel og merka er dette ein prosess med ein del sterke kjemikaliar, så her skal ein i høgste grad bruke verneutstyr.

 Presentasjon og litt formidling til lærarkollegiet, ein glad gjeng som no gjekk ut i ferie! rektor Mapondo i bakgrunn

Etter desse to øktene var det tid for å ta farvel med elevane som har vore med oss fleire dagar: Masela, Mulimo, Maggret, Kabwe og Timothy. Dei er klare for ein lang ferie fram til 7.januar no. Nokon «sommarjobb»  er ikkje aktuelt men  å  hjelpe til heime hjå foreldra er ein naturleg del av kvardagen.

 



Seinare på kvelden møtte me rektor Mapondo, deputy head teacher Mr. Inyambo, Miss Namukolo, Mr.  Nawa og sjåføren «Sibs» til ein koseleg avsutningsmiddag.  Her  var det utdeling av gåver både frå sør og nord  og praten gjekk livleg  om ulike ting, som mellom anna erfaringar og neste prosjekt. Me skulle også overbringe dei varmaste helsingar frå rektor og lærarane til elevar og tilsette ved Luster vgs.

 Elles så er dette ein dag med  tankar tilbake og refleksjon over denne tida me har tilbringa her. Her er så uendeleg med inntrykk og ikkje alt er like lett å formidle. Elevane er i gang med å førebu seg  til korleis dei skal formidle dette til resten av skulen  og  lærarane held på med evaluering av inneverande prosjekt samt søknad for nytt prosjekt.

Kort oppsummert :

At det ikkje berre sand, små hytter og elendigheit, slik me ser på nyheitene. At dei har mykje av dei same tinga som me har i Noreg.

Vi har sett at Zambia er rike på vassressursar, slik som vi er heime i Noreg. Kraftstasjon ved Victoria falls var enorm og då vert vår i Jostedalen litt liten i forhold.

Vi hadde trudd at drikkevatnet var tilsett mykje fleire kjemikaliar enn det som er sanninga. Me klorar vatnet på lik linje medan dei og tilset kjemikaliar for å gjere vatnet klårt.

Det har vore utruleg kjekt å bli endå betre kjent med elevane og lærarane og endå fleire frå Livingstone.

                    Zibs er "ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør"!

Ein ting som alle la godt merke til var den utruleg høflegheiten, og klemminga mellom mennesker. Heilt frå første stund vart me tatt imot med handhelsing og klemmar. Dette var veldig underleg i byrjinga då dette absolutt ikkje er vanleg i Noreg. Kvifor skal eg klemme ein ukjend person, var ein tanke som surra gjennom hovudet. Litt etter litt blei me vande med dette, og plutseleg blei me alle like ivrige som våre venner fra Livingstone.  

TAKK FOR EIN FANTASTISK TUR

 Amalie, Arinda, Espen, Monica, Margrethe, Morgan, Gry

  

 

 

 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar