29.11.12 Kraftverk og
Victoria Falls
Me reiste til
kraftverket i Livingstone. Her vart me viste rundt på tre kraftstasjonar som
låg nede i eit juv, 107 meter frå normalhøgda. Det var eit enormt stort anlegg,
den største kraftstasjonen hadde 6 store turbinar som på maksimum kan produsere
60 mega watt. Frå den største gjekk me til den nest største, dette anlegget
hadde 4 turbinar og kunne produsere 40 mega watt. Det minste anlegget kunne
produsere 8 mega watt og var frå 1934. Straumen blir danna av vatn frå Victoria
Falls som går inn i turbinane og får dei til og gå rundt. Sjølv om alle desse
kraftstasjonane produserer 108 mega watt er dette berre den tredje største
kraftstasjon i Zambia. Totalt blir det produsert maksimum 1500 mega watt i
heile Zambia. Livingstone brukar mellom
25 og 40 megawatt, men dette er ikkje
nok Zambia treng 2000 mega watt. Inntekta til kraftasjonane er pengane dei får
fra kundar. Kundane har to ulike måtar å få straum på, dei kan kjøpe straum på
førehand eller at kraftasjonen estimerer kor mykje straum dei brukar. Dette er
ulikt frå Noreg, der ein betalar etter
kor mykje ein har brukt.
Etter besøket i
kraftverket reiste me for å sjå sjølvaste Victoria Falls. Dette var stort for
både lærarar og elevar frå begge land. Før me starta å gå var det lunch i
bussen. Me skulle ete på kanten av fossen, men bavianane hadde vorte for
pågåande for å ta maten frå oss. Det er ikkje tilrådeleg å legge seg ut med
dei, dei kan skade mennesker. Fossen var ikkje akkurat som me hadde sett føre
oss. På alle bilda me hadde sett på førehand var det MASSE vatn. Men me fekk
sjå korleis det er når det ikkje er regntid. Då er det mindre mengd med vatn og
det blir meir enkelte elver og ikkje ei stor. Dei som ville kunne få vere med å
gå ned til «the boiling point» som var i botnen av Victoria Falls. Espen,
Morgan og Gry gjekk ned mens me andre jentene gjekk på markedet og fekk kjøpt
seg endå fleire souvernirar. Me fekk og
vassa litt i Zambezielva, vatnet var
veldig varmt og godt å vasse i.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar