tirsdag 27. november 2012


27.11.2012

I dag har me vore og besøkt vassverket dei har her i Livingstone. Vatnet dei  får kjem  frå den enorme elva Zambezi som renn i gjennom heile Zambia. Vatnet blir pumpa i røyr 11km til vassverket før det vert rensa. Renseprosessen startar med at det blir tilsett aluminiumsulfat som skal gjere vatnet klårare.Vatnet vert vidare ført rundt i ulike store kar der slam og skit vert teke vekk. Vidare går vatnet til eit anna kar  det renn i gjennom eit sandfilter, og det er då du ser forskjellen på vatnet. Til slutt vart klorgass tilsatt, alt etter kor skite vatnet var. Guiden som viste oss rundt på vassverket sa at det til ei kvar tid var trygt og drikke vatnet  i fra springen.
Her balanserer me.
Her tilset dei aliminium sulfat.
Nede i desse basenga er det 3 meter med sand (sandfilter)

Me reiste ut til  Zambezi elva der me fekk sjå prosessen heilt i fra begynnelsen og kor dei tok vatnet frå.  Me såg grovrensinga av vatnet der dei tok vekk tang, gras og søppel.

I forhold til Norge er alt dette annleis, i Norge ser ein ikkje at vatnet blir rensa for der ligg alt i røyr, både sandfilter og når det vert UV- stråla.

Det er mykje å utforske når det gjeld mat i Zambia, og generelt Afrika. Det er mange nye smakar og mykje god mat.  I dag åt me i lag med elevane og lærarane. Då blei me servert afrikans lokal og tradisjonekk mat, blant anna Nshima. Dette var ei kjekk og utfordrande oppleving. Her lærde me å eta både zambisk mat og på den zambiske måten. Det var ikkje bestikk slik som me i Noreg er vande med, her åt me med hendene.  Me var skeptiske til hygiena rundt det og ete med hende, men med  desinfiserte hende sette me i gang.  Attåt Nshimaen fekk vi kjøt, grønsaksrettar og saus. For å få i oss dette utan kniv og gaffel, forma me Nshimaen slik at vi kunne legge det andre oppi.

Matvanene i Zambia er forskjell fra Noreg. To ganger om dagen ete dei Nshima, dette kan samanliknast med poteta, men for dei fattige i Zambia er det Nshima dei livnærer seg på. Nshima er ein maispudding. I høgtidene er det, iflg dei elevane vi snakka med,  ikkje  noko tradisjonsmat slik som me har heime med ribba og pinnekjøtet.

Etter lunsj gjekk turen til Krokodillefarmen. Her var mange av den sorten, både store   og små. Krokodillane låg for det meste heilt stille, det var så vidt me såg at dei pusta. På krokodilleframen var der også mange ulike slangar i bur. Det var fascinerande å sjå dei og høyre om dei, men me var glad dei var i bur.

Heile dagen var me i lag med fem elevar frå venskapsskulen vår. Dette var Timothi, Kabwe og tre nye jenter som me vart kjent med. Dei hadde hatt eksamen tidleg på morgonen før dei møtte oss.
 
                                             

                 

1 kommentar:

  1. Hei. De må helse alle der nede frå oss på Luster vgs. Det ser deilig og varmt ut i Zambia. Her på skulen luktar det julekaker og anna julemat, i tillegg er det kommet eit lett melisdryss i løpet av dagen....

    SvarSlett