tirsdag 27. november 2012

Skulebesøk 26.11.12


I dag har me vore på besøk på skulen. Dei kom og henta oss med bussen til skulen klokka 10.30. På skulen møtte me først rektor. Etter eit kort møte med han fekk me ein omvisning på skulen. Der me traff og prata med fleire ulike lærarar og elevar. Det er no eksamenstider på skulen og mange av elevane hadde eksamen. Me forstyrra dei  berre litt. Nokre av elevane hadde eksamen i kunst, der dei teikna ein sko, hånddrill eller ein høvel. Dette føregjekk ute under ei palme.  Me var inne i ein klasse som hadde eksamen i ernæring. Her fekk me presentere oss og sei litt om kva utdanningar kvar av oss tek. Det var rimelege fullt i klasserommet, minst 60 fordelt 2-3 på kvar pult. (Her må det lett å hjukse!) Det såg ut til at alle eksamenane varte i to timar. På rundturen på skulen møtte me Timothi, som hadde hatt eksamen i engelsk, og Angel og Key som hadde hatt eksamen i historie. I morgon ventar nye eksamenar for dei. Mange av elevane var interessert i å snakke med oss og ville gjerne bli betre kjent.  Håpar me kjem tilbake på skulen fleire dagar!
Etter omvisninga hadde me eit møte med rektor, head teacher, Miss Mutikitela og Mr. Nawa, der me fekk programmet for veka.  Etter dette sette me oss i bussen og reiste for å ete lunch.
Her traff me elvane som var på besøk i August.

Her set dei klare til eksamen i helse og ernæring.

Eksamen i teikning (modellen: sko)


Eksempel på grøfter for å lede vekk vatnet.


Etter me hadde ete fekk jentene fletta seg og handla nokre suvenirar før me sette oss i bussen for å finne ein bank til Arinda. Etter at me kom heim til hotellet starta det å regne i strie straumar.

Inntrykk gjennom dagen:
·       Veldig spesielt at elevar bestemmer seg for yrke når dei er 5-6 år. Her må du stå på for å komme deg fram i verda, for å få til dette må du utdanne deg og arbeide. Det er ingen Nav ein kan springe til, ingen velferdsstat som støttar deg om du ikkje kan arbeide. Store kontrastar i forhold til korleis det er i Noreg.

·         Små klasserom, med mange elevar.

·         Ein ser den typiske skilnaden mellom gutar og jenter. Det var fåe gutar på helse og ernæringsfaget. Akkurat som heime

·         Store klasseskilnader mellom elevar og lærerar. Toalett til ansatte, og elevar var eit godt eksempel på dette.
·         Elevane var hyggelige, og veldig utadvendte.

·         Hos oss på Luster vgs er alle kjende med prosjektet og samarbeidet, men sånn var det ikkje her på skulen.  Dette er forståeleg med 1700 elevar.

·         Me synest det var veldig underleg korleis eksamen foregjekk her nede i forhold til heime. Dei snakka med kvarandre osv. dette er jo strengt forbudt heime.

·         Det enorme regnveret, torden og lyn var fascinerande men og litt skremmande. Det regna kraftig 14 timar. No fekk me sjå kor viktig grøftinga i gatene er.

Her regna det noko (ikkje mykje).

«Regnet er som fossefall  . Gata er som elv
Himmelen er som open eld. Lyn og torden visar seg. Det skremmer meg.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar