torsdag 29. november 2012

28.11… og me er komne til fjerde dagen her i Livingstone


I dag har me vore i ein Zambisk landsby som heiter Mukuni og dette skjedde ikkje utan ein liten «utfordring» på vegen. Me køyrde ut av byen og inn på ein landeveg. Her møtte me på ein familie som pløygde jordet med oksar. Der fekk me ein ide om å prøve ut dette og spurde om me kunne. Sv Først skulle alle ta bilde med oksane og etterpå skulle han godeste Espen pløye. Dette gjekk ikkje heilt etter planen! Ut av det blå svinga oksane til og sprang av garde. Det enda med at Espen hang på slep, Monica satte på sprang inn i bussen og Margrete, Arinda og Amalie sprang i ring. Namukolo stupte tvert i åkeren.
Her har Espen prøvd seg.

Etter å ha komme oss trygt inn i bussen igjen, blei me møtt av ein latterfull bussjåfør. Han hadde fått det heile på avstand, og tykte det heile såg veldig humoristisk ut. Så humoristisk at han lo av det resten av dagen.
Etter denne «dramatiske» hendinga var det landsbyen som stod for tur. Der vart  me møtt av ein guide som skulle ta oss med rundt. Ho starta med å dele litt generell informasjon, men etter kvart me gjekk rundt fekk me høyre mykje som sette inntrykk. Me såg dei store kontrastane mellom bygd og by. Kontrastane mellom Noreg og denne landsbyen er iallfall heilt enorm, men ein fin plass med mange gode løysingar.

Det var seks elektriske vannpumper i  denne landsbyen med 7000 innbyggjarar. Dette vart ikkje rensa, det var heilt klart og utan farlege bakteriar. Dette var eit prosjekt  som i si tid eit tysk firma stod føre. Dei kom og bora hol ned til grunnvatnet, elektrisitet får vatnet pumpa opp og dersom straumen går har dei handpumper utanfor landsbyen.  
Vannpumpe
Etter ein guida tur rundt om på landsbyen reiste me innom marknaden deira. Der solgte dei alle mulige ulilke typar handtverk. Mykje  av dette handverket vart laga her og er ei viktig inntektskjelde for innbyggjarane. Me vart tekne  imot av ivrige seljarar, og mange spørsmål. «Kva heiter du, kvar kjem du frå» og enda meir.  Etter mykje pruting , og handling var me alle blakke, me kjøpte same ting til ulik pris 50 000 kwascha (ca. 50 kr) på den eine 100 000 på den andre.  Neste stopp var palasset til høvdingen deira.  Der måtte me sette oss på huk og klappe 3 ganger før me fekk gå inn i «palasset» hans. Der inne var det mykje finare enn i dei andre husa.

Vidare reiste me til The big 5 safari der me fekk ein rundtur for å helse på dyra.  Amalie blei prøvekanin og sprang utanfor gjerdet for og få den slappe løva til og reise seg. Løva la seg klar til angrep og sette mot gjerde der Amalie sprang. Amalie fekk sitt livs sjokk då ei vaksen hanløve kasta seg mot gjerdet 20 cm frå der ho sprang. Me fekk klappe forskjellige løver, til og med kvite løver, som det berre er 4 av i heile Zambia. Dei forskjellige dyra som var der var løve, gepard og afrikansk gaupe.
Det var denne som jakta på Amalie-
Kvit løve

Etter lunch var det tid for Nasjonalparken. Me fekk sjå mange dyr på nært hold. Det var heilt fantastisk. Me fekk sjå dei mest typiske dyra som er å finne i Afrika, som sjiraff, krokodille, apekattar, villsvin, bøffel, sebra, antiloper, øgle og gnu.  Etter å ha  køyrt ei stund kom me til ein vaktstasjon. Me fekk med oss ein viltvoktar med i bilen og køyrde vidare til me kom inn på ein dårleg veg. Det var mykje gjørme, så me balte litt med bussen nokre plassar. Me parkerte bilen og fekk beskjed om at vi skulle sjå neshorn på nært hald. Dei fleste vart litt sjokka. Me fekk med oss fire viltvakter og begynte å gå på ein sti full av maur. Når me var kommen halvvegs såg me neshorna. Me vart reddare og reddare på grunn av at me kom nærmare og nærmare dei. Tilslutt var me ca 20 meter i frå neshorna. Det var ein heilt sjuk opplevelse rett og slett! 
3 av 8 i Zambia
Dei er nærare enn det ser ut som!
Viltvokter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar