I haust kom 3 elevar og 2 lærarar frå David Livingston Highscool til Luster vgs på Nord-Sør utveksling. Temaet me hadde for besøket var avfallshandtering, og no er me i Livingstone i høve same temaet.
Me som er so heldige å få reise denne gongen er Ola Kinserdal, Monica Skjeldestad, Solrunn Bøtun, Emilie Risnes Øyre, Anja Hønsi, Kjersti Evenstad Dalaker og Gro Hovland.
Reisa for å komme hit, var lang. Me sette oss i ein maxitaxi i Sogndal kl. 05.15 torsdag 20. mars 2014 og kom fram til hotellet i Livingstone fredag 21.3. i 14- tida. Heime var det 50 cm nysnø med regn i, og her er det sol og 33 grader i skyggen. Heilt greitt! Ukomplisert reise. Solrunn og Monica har fått med seg nesten alt som har skjedd på heile turen, for dei har berre sove ein time kvar! Det vart mykje sitjing, so Kjersti måtte ha seg nokre trappeløp på flyplassen i Johannesburg.
![]() |
| Etter ei lang natt på flyet, er me her kommen til flyplassen i Johannesburg |
Etter ein etterlengta dusj, gjekk me ein runde i byen, fekk ta ut pengar og kjøpt vatn. Emilie kjøpte ein pose med fleire flasker vatn pluss nokre saker til oppi. "Dette kostar ikkje meir enn ein tyggispakke heime", sa ho fornøgd etter handelen!
Før me kjem til butikkane frå hotellet, går me gjennom det lokale handverksmarkedet. Her blir me bondefanga av seljarane, for dei vil svært gjerne selje varene sine til oss. Dei brukar mange triks og me har gått på fleire av dei allereie. Ein seljar ville ha hårstrikken til Solrunn og sokkane til Ola som betalingsmiddel og då var handelen i gang! Etterpå ville seljaren ha litt Kwacha i tillegg. Spørs om det går det fleire gonger.
![]() |
| Frå det locale markedet |
Me avslutta dagen med middag på hotellet. Her fekk me forståing for omgrepet "African time". Det gjekk rundt ein time frå me bestilte til med fekk maten. Men det var verdt kvart minutt - maten smakte fortreffeleg! Då me fekk rekninga, såg me at 7 stykker hadde ete godt for same prisen som ein person hadde måtte betale heime.
Det blir tidleg senga på oss i kveld og heldigvis startar programmet ikkje før på ettermiddag i morgon. Allereie etter første dagen har me fått mange spennande inntrykk. Stemningen og samhaldet i gruppa er veldig godt og me gler oss til dagane som kjem :-)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar