søndag 25. november 2012

25. november 2012


No er me endeleg framme, etter eit heilt døgn på reis. Flyturane har gått fint. Inntrykket av landet er heilt annleis enn det vi hadde tenkt. Me hadde sett føre oss mykje ørken, elefantar og apekattar i gatene, men når vi landa i Johannesburg vart me sjokka. Frå flyet såg me skyskrapere og ein svær by.

Når me kom til Zambia merka me at det var stor forskjell mellom Johannesburg og Livingstone. På flyplassen i Livingstone  kom rektor, ein lærar, Namukolo, sjåfør og Timoti. Dei tok oss godt i mot og køyrde oss inn til byen. Hotellet  vart me overraska over! Det var kjempefine rom. Me fekk omvisning i nokre av gatene av Webby, ein kjenning her nede. Me reiste bort på skulen og såg bygget som har blitt bygd for pengane frå «Gi eit Dagseverk». Det var kjempefint!

I løpet av den vesle tida me har vore her nede har me funne ut at me må være veldig tolmodige, både på flyplassane og ellers i byen. Arbeidstempoet her i landet er heilt anna enn heime i Noreg, men dette er ein del av kulturen her. Det er positive sider ved å ikkje ha så høgt tempo, ein ser at dei fleste er rolege og stressar minimalt. Kanskje me har noko å lære her ?

Me har alle dusja og merka at vatnet her er godt klora. Kloren nyttar dei til å rense vatnet. Me kjøper difor vatn i flasker.  Dei har store grøfter ute i gatene som skal vere med på og føre store mengder med nedbør  vekk i frå byen.  Mange av fortaua er øydelagde på grunn av store nedmørsmengder.

Til saman har me teke ut 3.000.000 kwacha, som blir ca 3500 norske kroner. Dette tilsvarar faktisk tre månadslønnar for ein vanleg arbeidar i Zambia. Det har vert eit langt døgn og me er rimeleg klare for å finne puta. Skal opp og få engelsk frukost og  sjå på skulen i morgon.  God natt J
Å smile og vera utadvendt er så absolutt noko me kan ta med oss vidare!
Utanfor flyplassen i livingstone

Gry har funne seg mann

Fotballspeling der 2 steinar var mål

Her ser ein dei gropene som skal føre vatn når det regnar.

Dette er ca 400 lokale kr.

Helsing frå oss alle sju.

3 kommentarer:

  1. Gler oss til å følgje med på Zambiaturen her på bloggen. Skal helse frå alle her heime og held til alle kjenningar i Livingstone.

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lese! Stilig med blogg, lett å følgje med og slepp å spørje andre. Godt skrive var det og! :)

    SvarSlett
  3. Så fint dere ser ut til å ha det! Vassverket på Kaupanger har også sandfilter.

    SvarSlett