lørdag 29. mars 2014

Torsdag 27. mars: tradisjonelle levemåter i Zambia og avskjedsmiddag.


Då var den siste heile dagen i Livingstone kommen. Som alle dei andre dagane, skein sola frå ein skyfri himmel då vi stod opp. Og som som (nesten) vanleg, var Kjersti først på farten. Ho skulle møte den eine mattelæraren på skulen for å vise han nokre matteplanar og korleis elevane kan jobbe litt praktisk i timane. Men det som viste seg å vere det han meinte var mest interessant, var å få vite om gode matteprogram som ligg gratis på nettet. 

Dei andre vart som vanleg henta på hotellet og køyrd til skulen. I dag skulle vi ta farvel med lærarane der. Etter litt "African time" dukka mange av lærarane opp i "staff room", og det var tid for takketalar. Vi har lært at ting er noko meir omstendeleg og formelt i Afrika enn vi er vand med heime. Rektor takka oss for besøket, og Kjersti og Gro oppsummerte opphaldet og takka for oss. Vi hadde med nokre turist-bøker frå Sogn som vi la att til lærarane slik at dei kunne sjå korleis det er heime hjå oss. Etterpå var det inn på rektor sitt kontor for å skrive i protokollen. Vi skulle skrive ei lita helsing og signere. Nesten som ei hyttebok heime. 

I dag var dagen då vi skulle nærare på Zambiske tradisjonar og historie. Første stopp var museumet i byen. Då vi kom, var heile trappa inn til museumet full av søte barnehageungar i barnehageuniformen sin som sat og kvilte etter sitt museumsbesøk. Men midt i alle dei brune andleta spotta vi to kvite. Det viste seg å vere studentar frå høgskulen i Sogndal som var i praksis i Livingstone i tre månadar :) Musemuet var inndelt i ulike avdelingar som tok føre seg Zambia frå forhistorisk tid og opp til i dag. Vi fekk sjå modellar av dei første menneska, steinalderbustader, tradisjonelle landsbybustadar i moderne tid, ei utstilling av det mangfaldige dyrelivet ein finn, vi lærte om tradisjonelle religionar og heksekunst, og sjølvsagt var det ei stor utstilling om den første kvite mannen som fekk sjå Victoriafallene og som brukte mange år som oppdagar i Afrika - skotten David Livingstone. Dama som viste oss rundt var svært opptatt av at Zambiarane måtte bevare den tradisjonelle kulturen sin, og ikkje berre etterape den vestlege kulturen i så mykje. Ola gjekk derifrå med augene utanpå etter at både guiden og Namukolo bekrefta at voodoo-magi virka for dei som hadde den rette krafta! Ikkje berre på skrekkfilm, altså ;)
Barnehage på museumsbesøk, med to studentar frå Høgskulen i Sogndal i praksis. 

Så bar turen litt ut av byen, til Mukuni Village. Det er ein tradisjonell zambesisk landsby der kvar familie bur innafor eit inngjerda område med runde hytter som har stråtak. Det er ei hytte som er kombinert stovehytte og soverom for foreldra, ei sovehytte for gutane, ei sovehytte for jentene og ei meir open kokehytte. Ungane søv på golvet i foreldra si hytte til dei er fem år, då må dei flytte i dei andre sovehyttene. Det er ikkje mykje Toro der i garden, alt vert laga frå botnen 
og det meste frå nøtter og vekster dei finn i naturen og frå husdyra dei held. I Zambia der det mange høvding-dømmer, og kvar høvding er den lokale kongen. Han har eige "palass" og er ein opphøga person. Alle som skal innanfor hans inngjerda område, må bøye seg på huk og klappe i hendene før dei går inn. Det same gjaldt når vi skulle inn i besøkshytta hans. Mukuni-høvdingen tek aldri imot nokon utanfor familien i dei private bygningane sine, så det er ei eiga hytte der han tek imot gjester. Hytta har to inngangar. Den eine er det kun tre personar i heile verda som kan bruke: the chief, the chifteness (dame-høvdingen) og presidenten i Zambia. Absolutt alle andre må bruke den andre døra, eller bli slavar resten av livet. Så langt i høvdingdømmet si histiorie har enda ingen prøvd seg på feil dør, da;) 
Ein typisk innhegning rundt hyttene til ein familie på landsbygda. 
Sovehytta til jentene.
Kokehytta. Mannen er guiden vår i Mukuni Village, og dama  med kvit topp er Mrs Banda som var med oss fleire dagar

Besøkshytta til høvding Mukuni, men trona til venstre, høvdinginngangen bak guiden og allemannsinngangen til høgre.
Mukunihøvdingen har og ein eigen dyrepark. Der fekk vi sjå ei majestetisk hannløve, tre flott hoer, og tre ungar som var 14 månader gamle, men på ingen måte småe! Dyrepassaren hadde eit godt forhold til ungane, så han gjekk inn i buret og kjælte med dei og viste fram klørne deira. Løveungane låg heilt avslappa og så ikkje ut til å bry seg. I andre bur såg vi ein leiken geopard og ei hissig afrikansk gaupe. Då besøket i Mukuni som skulle vare ein time var slutt etter tre timar, var vi fulle av blanda inntrykk. 
Gepard med godt forhold til dyrepassaren.
Dyrenes konge

Etter ei lita stund med avslapping på hotellet, var det tid for avskjedsmiddag. Med på middagen var rektor,3 lærar og ein foreldrerepresentant for elevane på skulen, saman med oss 7 frå Luster. 
Der fekk rektor overrekt ein sjekk på 30.000 kr. Desse pengane har alle elevane ved Luster vgs samla inn via "Gi eit dagsverk". Dette vart sjølvsagt motteke med stor takk og glede. Det er 3. gongen David Livingstone Highschool mottek pengar frå Luster vgs. Desse pengane, i tillegg til bidrag frå 3 andre instansar, går til å bygge og drive ein avdeling for funksjonshemma barn. Utan denne støtten ville ikkje desse barna hatt noko tilbod om opplæring. Å få sjå at desse barna har det bra på skulen, gir oss engasjement og motivasjon til å støtte dette prosjeketet vidare.
Ola overrekker gåvesjekken pålydande 5000 USD (kr 30 000,-) på vegne av alle elevane ved Luster vgs til representantar for Livingstone Secondary School: foreldreutvalsleiaren, rektor Febby og Namukolo.  

I det heile kan vi vel seie at med alle dei fantastiske opplevingane vi har hatt og med innblikket vi har fått i det Zambesiske samfunnet denne veka, har vi sterke ynskje om at samarbeidet med Livingstone Secondary School kan fortsetje også med Sogndal vgs.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar