Dagen i dag byrja med frukost på hotellet, som bestod av
egg, bønner og tørr loff. Etterpå reiste me ut og utforska området og
butikkane. I hovudsak er det kjekt å gå rundt og sjå, men som dei naive
nordmennene me er, er det jo lett å bli lurt. Kjersti hadde tenkt å veksle dei 50 dollarane ho hadde i Kwacha, men det viste
seg å vera ein dum idé. For det første vart ho tilbudd ein dårleg kurs og bestemte
seg da for å ikkje veksle likevel. Ho tok tilbake 50-lappen mannen hadde fått
og gjekk sin veg. Det viste seg da at den 50-lappen ikkje var nokon 50-lapp,
men ein 1 dollarlapp, og Kjersti var blitt lurt trill rundt.
Me elevane møtte óg på uvanlege inntrykk. Medan me vandra sorglaust nedover gata, møtte me ei dame som hadde med seg tre levande og klukkande høner i plastikkpose. Dette tykte me var eit forferdeleg syn. Men sjølvsagt er det mange spennande ting å sjå også. Damer som går med baljer med frukt på hovudet og eit barn hengane i eit tørkle på ryggen er berre nokre av kvardagslege tinga å sjå her i Zambia. Ola fekk seg også eit heilt EKTE Dolce and Gabbana belte, til berre 120 kr!
![]() |
| Godt fornøygd med nytt belte! |
Klokka 14.30 kom det lærarar og elevar ved Livingstone High
School og henta oss på hotellet. No skulle me besøke Victoria Falls, og dette
gleda me oss til. Der fekk me oppleve fossefallet på nært hold og for eit syn!
Ikkje berre fekk me sjå fossen, men jammen fekk me kjenne den også. Me skulle
gå over brua og vart advart om at me kom til å bli våte. Jaja, tenkte me, kor
gale kan det eigentleg vere? Me begav oss så ut på det som kom til å bli den våtaste
turen me nokon gong kom til å oppleve. Vatn frå fossen regna ned over oss, og
me vart gjennomvåte på sekundar! Det er vanskeleg å forstå det før du faktisk
er der. Etterpå gjekk me ned til det som heiter Boiling Pot, der elva møter
fjellet og har så sterk straum at det ser ut som det kokar. Me gjekk ein liten
kilometer nedover på ein sti av trappetrinn, og dei fleste av oss er nok godt
stive i leggane i morgon. Me gjekk også
over brua som går over elva, og kryssa grensa til Zimbabwe.
| Norske og Zambiske elevar |
| Boiling Pot |
Zambiarane hadde tatt med snacks og forfriskingar til oss,
og alle fekk seg eit eple på brua. Emilie kom derimot ikkje så langt på sitt
eple. Ein stor bavian hadde fått ferten av denne deilige frukten og sette
kursen mot ho. Vettskremt og panikkslagen kasta Emilie eplet frå seg. Eit stykk
godt fornøygd bavian fekk seg eit deilig eple, medan me elevane fekk nokre gode
bileter.
| Vår nye, og litt skumle venn |
Etter ein lang og litt slitsam dag med masse intrykk, reiste
me våte, trøtte, kalde og svoltne tilbake til hotellet. Der åt me ein god
middag og ein heilt grei banansplitt utan banan, det hadde dei nemleg ikkje
igjen. Kven skulle tru det var mangel på bananer i Afrika?!
Dagens fun fact: Me fann ut at «Ola» betyr «kjøpe» på Tonga,
som er eit av stammespråka i Zambia.
![]() |
| Selfie med Marcel! |



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar