søndag 23. mars 2014

Turistar i Livingstone, søndag 23 mars

Etter to dagar med reising og aktivitetar, og utan noko planlagt program, bestemte me oss for å ta det med ro idag. Sidan me hadde fått tips frå Erna, som er lærar ved Luster vgs, reiste me til Zambezi Sun hotel. Det er eit luksus hotell som ligg ved Zambezi elva, eit lite stykke utanfor byen. Me hadde høyrt mykje positivt om hotellet og jammen levde det opp til til forventningane! Heile hotellet er bygd i gjennomført afrikansk stil med raud sandstein, kunst og dekor og levande musikk ved bassenget. 

Desse flotte karane møtte oss ved inngangen

















Me la oss godt til rette ved bassenget og gjorde oss klar til å sleike sol. Det tok ikkje lang tid før me verkeleg fekk oppleve dyrelivet i Zambia. Rett bak oss gjekk det ein sebra og beita roleg. Like etterpå kom ein apekatt og skapte kaos i restauranten, før han sette kursen mot oss med ein dyrepassar i hælane. 




Vidare i dag har me solt oss, bada og ete god mat


Alle kosar seg med maten! Eller kva seier du Solrun?



Nok ein gang har Kjersti gått på ein smell. Vel tilbake på hotellet kunne ho ikkje finne telefonen sin og fekk Emilie til å ringe etter den. Emilie ringte og både ho og Kjersti lytta etter ringelyden. Lite sjokka vart Emilie då ein mann svarte "Hello?". Kjersti derimot tok alt med ro, og rekna med den låg igjen på Zambezi Sun. Ho reiste ned i resepsjonen, skaffa seg ein drosje og reiste for å hente den.
Eit stykk godt fornøygd Kjersti med telefonen i god behold.
Dagens fun fact: Prisen for eit dobbeltrom ei natt på Zambezi Sun hotel er ca 1800 kr. Det er ganske likt prisen for eit godt hotell i Noreg, men der er det dessverre ikkje inkludert sebraer.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar