Dette er bloggen frå samarbeidsprosjekt mellom Luster vidaregåande skule og David Livingstone High School
mandag 3. desember 2012
30.11 Siste dag i
Livingstone
Dagen starta med
besøk i Livingstone naturhistoriske museum. Saman med våre vener her i
Livingstone fekk me ein omvisning fråtidleg steinalder og fram til i dag.Museumet hadde ulike avdelingarsom med gode illustrasjonar og utstillingar visteutviklinga av mennesket, samfunnsutvikling
frå land til by og korleis landet har endra seg frå tid med slavehandel, frå
koloni til sjølvstende. Det
er faktisk under 50 år sidan (1964) landet vart eigen stat, då vart dei
frigjort frå Storbritania. Undervegs fortalde Namukolo oss om ulike «feiringar»
i livsløpet. Det var interessant og litt rart å høyre om korleis det er å bli
«sertifisert» som vaksen kvinne klar for å stifte familie. Her var mykje å lære om og forhåpentlegvis sit
me alle att med litt meir kunnskap om land og kultur.
Museet hadde også ein
eigen avdeling som viste David Livingstone sitt liv frå hans oppvekst i Europa
til alle misjonærturane og grunnlegging av Livingstone. Historisk er han ein
svært viktig person for folket her.
Fyrste dagen me var
på skulen såg me mykje fint stoff som var batikkfarga, og i dag skulle me få
sjå prosessen. Mr Nava, som er kunst- og handverkslærar,viste oss korleis ein lagar batikk. Nokon av
oss bretta saman ulike stoff, han la dei i fargekar og vips så hadde med dei
flottaste mønstra. No kan me forstå korleis alle flotte fargane på stoff vert
til. Vel og merka er dette ein prosess med ein del sterke kjemikaliar, så her
skal ein i høgste grad bruke verneutstyr.
Presentasjon og litt formidling til lærarkollegiet, ein glad gjeng som no gjekk ut i ferie! rektor Mapondo i bakgrunn
Etter desse to øktene
var det tid for å ta farvel med elevane som har vore med oss fleire dagar:
Masela, Mulimo, Maggret, Kabwe og Timothy. Dei er klare for ein lang ferie fram
til 7.januar no. Nokon «sommarjobb»er
ikkje aktuelt menå hjelpe til heime hjå foreldra er ein naturleg
del av kvardagen.
Seinare på kvelden
møtte me rektor Mapondo, deputy head teacher Mr. Inyambo, Miss Namukolo,
Mr.Nawa og sjåføren «Sibs» til ein
koseleg avsutningsmiddag. Hervar det utdeling av gåver både frå sør og
nordog praten gjekk livleg om ulike ting, som mellom anna erfaringar og
neste prosjekt. Me skulle også overbringe dei varmaste helsingar frå rektor og
lærarane til elevar og tilsette ved Luster vgs.
Elles så er dette ein dag medtankar tilbake og refleksjon over denne tida
me har tilbringa her. Her er så uendeleg med inntrykk og ikkje alt er like lett
å formidle. Elevane er i gang med å førebu segtil korleis dei skal formidle dette til resten av skulenoglærarane held på med evaluering av inneverande prosjekt samt søknad for
nytt prosjekt.
Kort oppsummert :
At det ikkje berre
sand, små hytter og elendigheit, slik me ser på nyheitene. At dei har mykje av
dei same tinga som me har i Noreg.
Vi har sett at Zambia
er rike på vassressursar, slik som vi er heime i Noreg. Kraftstasjon ved
Victoria falls var enorm og då vert vår i Jostedalen litt liten i forhold.
Vi hadde trudd at
drikkevatnet var tilsett mykje fleire kjemikaliar enn det som er sanninga. Me klorar
vatnet på lik linje medan dei og tilset kjemikaliar for å gjere vatnet klårt.
Det har vore utruleg
kjekt å bli endå betre kjent med elevane og lærarane og endå fleire frå
Livingstone.
Zibs er "ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør"!
Ein ting som alle la
godt merke til var den utruleg høflegheiten, og klemminga mellom mennesker.
Heilt frå første stund vart me tatt imot med handhelsing og klemmar. Dette var
veldig underleg i byrjinga då dette absolutt ikkje er vanleg i Noreg. Kvifor
skal eg klemme ein ukjend person, var ein tanke som surra gjennom hovudet. Litt
etter litt blei me vande med dette, og plutseleg blei me alle like ivrige som
våre venner fra Livingstone.
TAKK FOR EIN
FANTASTISK TUR
Amalie, Arinda,
Espen, Monica, Margrethe, Morgan, Gry
29.11.12 Kraftverk og
Victoria Falls
Me reiste til
kraftverket i Livingstone. Her vart me viste rundt på tre kraftstasjonar som
låg nede i eit juv, 107 meter frå normalhøgda. Det var eit enormt stort anlegg,
den største kraftstasjonen hadde 6 store turbinar som på maksimum kan produsere
60 mega watt. Frå den største gjekk me til den nest største, dette anlegget
hadde 4 turbinar og kunne produsere 40 mega watt. Det minste anlegget kunne
produsere 8 mega watt og var frå 1934. Straumen blir danna av vatn frå Victoria
Falls som går inn i turbinane og får dei til og gå rundt. Sjølv om alle desse
kraftstasjonane produserer 108 mega watt er dette berre den tredje største
kraftstasjon i Zambia. Totalt blir det produsert maksimum 1500 mega watt i
heile Zambia. Livingstone brukar mellom
25 og 40 megawatt, men dette er ikkje
nok Zambia treng 2000 mega watt. Inntekta til kraftasjonane er pengane dei får
fra kundar. Kundane har to ulike måtar å få straum på, dei kan kjøpe straum på
førehand eller at kraftasjonen estimerer kor mykje straum dei brukar. Dette er
ulikt frå Noreg,der ein betalar etter
kor mykje ein har brukt.
Utanfor kraftstasjon, 26 etg med heis ned frå platået
Etter besøket i
kraftverket reiste me for å sjå sjølvaste Victoria Falls. Dette var stort for
både lærarar og elevar frå begge land. Før me starta å gå var det lunch i
bussen. Me skulle ete på kanten av fossen, men bavianane hadde vorte for
pågåande for å ta maten frå oss. Det er ikkje tilrådeleg å legge seg ut med
dei, dei kan skade mennesker. Fossen var ikkje akkurat som me hadde sett føre
oss. På alle bilda me hadde sett på førehand var det MASSE vatn. Men me fekk
sjå korleis det er når det ikkje er regntid. Då er det mindre mengd med vatn og
det blir meir enkelte elver og ikkje ei stor. Dei som ville kunne få vere med å
gå ned til «the boiling point» som var i botnen av Victoria Falls. Espen,
Morgan og Gry gjekk ned mens me andre jentene gjekk på markedet og fekk kjøpt
seg endå fleire souvernirar. Me fekk og
vassa litt i Zambezielva,vatnet var
veldig varmt og godt å vasse i.
Bading i Zambezi, før vatnet fer utfor
Attende på hotellet gjekk
det ikkje mange minutta før Amalie, Espen og Arinda hadde komme seg nedi
bassenget, dette grunna at me endeleg hadde ein soldag. Seinare på kvelden reiste
me på restaurant med Namucolo og åt god mat. I alt har dagen vore fin og interessant. Victoria Falls var
stort å få sjå.
I dag har me vore i ein Zambisk landsby som heiter Mukuni og
dette skjedde ikkje utan ein liten «utfordring» på vegen. Me køyrde ut av byen
og inn på ein landeveg. Her møtte me på ein familie som pløygde jordet med
oksar. Der fekk me ein ide om å prøve ut dette og spurde om me kunne. Sv Først
skulle alle ta bilde med oksane og etterpå skulle han godeste Espen pløye.
Dette gjekk ikkje heilt etter planen! Ut av det blå svinga oksane til og sprang
av garde. Det enda med at Espen hang på slep, Monica satte på sprang inn i
bussen og Margrete, Arinda og Amalie sprang i ring. Namukolo stupte tvert i
åkeren.
Her har Espen prøvd seg.
Etter å ha komme oss trygt inn i bussen igjen, blei me møtt
av ein latterfull bussjåfør. Han hadde fått det heile på avstand, og tykte det
heile såg veldig humoristisk ut. Så humoristisk at han lo av det resten av
dagen.
Etter denne «dramatiske» hendinga var det landsbyen som stod
for tur. Der vart me møtt av ein guide
som skulle ta oss med rundt. Ho starta med å dele litt generell informasjon,
men etter kvart me gjekk rundt fekk me høyre mykje som sette inntrykk. Me såg
dei store kontrastane mellom bygd og by. Kontrastane mellom Noreg og denne
landsbyen er iallfall heilt enorm, men ein fin plass med mange gode løysingar.
Det var seks
elektriske vannpumper i denne landsbyen
med 7000 innbyggjarar. Dette vart ikkje rensa, det var heilt klart og utan
farlege bakteriar. Dette var eit prosjekt som i si tid eit tysk firma stod føre. Dei
kom og bora hol ned til grunnvatnet, elektrisitet får vatnet pumpa opp og dersom
straumen går har dei handpumper utanfor landsbyen.
Vannpumpe
Etter ein guida tur rundt om på landsbyen reiste me innom
marknaden deira. Der solgte dei alle mulige ulilke typar handtverk. Mykje av dette handverket vart laga her og er ei
viktig inntektskjelde for innbyggjarane. Me vart tekne imot av ivrige seljarar, og mange spørsmål. «Kva
heiter du, kvar kjem du frå» og enda meir.
Etter mykje pruting , og handling var me alle blakke, me kjøpte same
ting til ulik pris 50 000 kwascha (ca. 50 kr) på den eine 100 000 på
den andre. Neste stopp var palasset til
høvdingen deira. Der måtte me sette oss
på huk og klappe 3 ganger før me fekk gå inn i «palasset» hans. Der inne var
det mykje finare enn i dei andre husa.
Vidare reiste me til The big 5 safari der me fekk ein
rundtur for å helse på dyra. Amalie blei
prøvekanin og sprang utanfor gjerdet for og få den slappe løva til og reise
seg. Løva la seg klar til angrep og sette mot gjerde der Amalie sprang. Amalie
fekk sitt livs sjokk då ei vaksen hanløve kasta seg mot gjerdet 20 cm frå der
ho sprang. Me fekk klappe forskjellige løver, til og med kvite løver, som det
berre er 4 av i heile Zambia. Dei forskjellige dyra som var der var løve, gepard
og afrikansk gaupe.
Det var denne som jakta på Amalie-
Kvit løve
Etter lunch var det tid for Nasjonalparken. Me fekk sjå
mange dyr på nært hold. Det var heilt fantastisk. Me fekk sjå dei mest typiske
dyra som er å finne i Afrika, som sjiraff, krokodille, apekattar, villsvin,
bøffel, sebra, antiloper, øgle og gnu.
Etter å ha køyrt ei stund kom me
til ein vaktstasjon. Me fekk med oss ein viltvoktar med i bilen og køyrde
vidare til me kom inn på ein dårleg veg. Det var mykje gjørme, så me balte litt
med bussen nokre plassar. Me parkerte bilen og fekk beskjed om at vi skulle sjå
neshorn på nært hald. Dei fleste vart litt sjokka. Me fekk med oss fire
viltvakter og begynte å gå på ein sti full av maur. Når me var kommen halvvegs
såg me neshorna. Me vart reddare og reddare på grunn av at me kom nærmare og
nærmare dei. Tilslutt var me ca 20 meter i frå neshorna. Det var ein heilt sjuk
opplevelse rett og slett!
3 av 8 i Zambia
Dei er nærare enn det ser ut som!
Viltvokter
tirsdag 27. november 2012
27.11.2012
I dag har me vore og besøkt vassverket dei har her i
Livingstone. Vatnet deifår kjemfrå den enorme elva Zambezi som renn i
gjennom heile Zambia. Vatnet blir pumpa i røyr 11km til vassverket før det vert
rensa. Renseprosessen startar med at det blir tilsett aluminiumsulfat som skal
gjere vatnet klårare.Vatnet vert vidare ført rundt i ulike store kar der slam
og skit vert teke vekk. Vidare går vatnet til eit anna kar det renn i gjennom eit sandfilter, og det er
då du ser forskjellen på vatnet. Til slutt vart klorgass tilsatt, alt etter kor
skite vatnet var. Guiden som viste oss rundt på vassverket sa at det til ei
kvar tid var trygt og drikke vatnet i
fra springen.
Her balanserer me.
Her tilset dei aliminium sulfat.
Nede i desse basenga er det 3 meter med sand (sandfilter)
Me reiste ut til Zambezi elva der me fekk sjå prosessen heilt i
fra begynnelsen og kor dei tok vatnet frå.Me såg grovrensinga av vatnet der dei tok vekk tang, gras og søppel.
I forhold til Norge er alt dette annleis, i Norge ser ein
ikkje at vatnet blir rensa for der ligg alt i røyr, både sandfilter og når det
vert UV- stråla.
Det er mykje å utforske når det gjeld mat i Zambia, og
generelt Afrika. Det er mange nye smakar og mykje god mat.I dag åt me i lag med elevane og lærarane. Då
blei me servert afrikans lokal og tradisjonekk mat, blant anna Nshima. Dette
var ei kjekk og utfordrande oppleving. Her lærde me å eta både zambisk mat og
på den zambiske måten. Det var ikkje bestikk slik som me i Noreg er vande med,
her åt me med hendene.Me var skeptiske
til hygiena rundt det og ete med hende, men meddesinfiserte hende sette me i gang. Attåt Nshimaen fekk vi kjøt, grønsaksrettar og
saus. For å få i oss dette utan kniv og gaffel, forma me Nshimaen slik at vi
kunne legge det andre oppi.
Matvanene i Zambia er forskjell fra Noreg. To ganger om
dagen ete dei Nshima, dette kan samanliknast med poteta, men for dei fattige i
Zambia er det Nshima dei livnærer seg på. Nshima er ein maispudding. I
høgtidene er det, iflg dei elevane vi snakka med,ikkjenoko tradisjonsmat slik som me har heime med ribba og pinnekjøtet.
Etter lunsj gjekk turen til Krokodillefarmen. Her var mange
av den sorten, både storeog små.
Krokodillane låg for det meste heilt stille, det var så vidt me såg at dei
pusta. På krokodilleframen var der også mange ulike slangar i bur. Det var
fascinerande å sjå dei og høyre om dei, men me var glad dei var i bur.
Heile dagen var me i lag med fem elevar frå venskapsskulen
vår. Dette var Timothi, Kabwe og tre nye jenter som me vart kjent med. Dei hadde
hatt eksamen tidleg på morgonen før dei møtte oss.
I dag har me vore på besøk på skulen. Dei kom og henta oss
med bussen til skulen klokka 10.30. På skulen møtte me først rektor. Etter eit
kort møte med han fekk me ein omvisning på skulen. Der me traff og prata med
fleire ulike lærarar og elevar. Det er no eksamenstider på skulen og mange av
elevane hadde eksamen. Me forstyrra dei berre litt. Nokre av elevane hadde eksamen i
kunst, der dei teikna ein sko, hånddrill eller ein høvel. Dette føregjekk ute
under ei palme. Me var inne i ein klasse
som hadde eksamen i ernæring. Her fekk me presentere oss og sei litt om kva
utdanningar kvar av oss tek. Det var rimelege fullt i klasserommet, minst 60 fordelt
2-3 på kvar pult. (Her må det lett å hjukse!) Det såg ut til at alle eksamenane
varte i to timar. På rundturen på skulen møtte me Timothi, som hadde hatt
eksamen i engelsk, og Angel og Key som hadde hatt eksamen i historie. I morgon
ventar nye eksamenar for dei. Mange av elevane var interessert i å snakke med
oss og ville gjerne bli betre kjent.
Håpar me kjem tilbake på skulen fleire dagar!
Etter omvisninga hadde me eit møte med rektor, head teacher,
Miss Mutikitela og Mr. Nawa, der me fekk programmet for veka. Etter dette sette me oss i bussen og reiste
for å ete lunch.
Her traff me elvane som var på besøk i August.
Her set dei klare til eksamen i helse og ernæring.
Eksamen i teikning (modellen: sko)
Eksempel på grøfter for å lede vekk vatnet.
Etter me hadde ete fekk jentene fletta seg og handla nokre
suvenirar før me sette oss i bussen for å finne ein bank til Arinda. Etter at
me kom heim til hotellet starta det å regne i strie straumar.
Inntrykk gjennom dagen:
·Veldig spesielt at elevar
bestemmer seg for yrke når dei er 5-6 år. Her må du stå på for å komme deg fram
i verda, for å få til dette må du utdanne deg og arbeide. Det er ingen Nav ein
kan springe til, ingen velferdsstat som støttar deg om du ikkje kan arbeide.
Store kontrastar i forhold til korleis det er i Noreg.
·Små klasserom, med mange
elevar.
·Ein ser den typiske
skilnaden mellom gutar og jenter. Det var fåe gutar på helse og ernæringsfaget.
Akkurat som heime
·Store klasseskilnader mellom
elevar og lærerar. Toalett til ansatte, og elevar var eit godt eksempel på
dette.
·Elevane var hyggelige, og
veldig utadvendte.
·Hos oss på Luster vgs er
alle kjende med prosjektet og samarbeidet, men sånn var det ikkje her på
skulen. Dette er forståeleg med 1700
elevar.
·Me synest det var veldig
underleg korleis eksamen foregjekk her nede i forhold til heime. Dei snakka med
kvarandre osv. dette er jo strengt forbudt heime.
·Det enorme regnveret,
torden og lyn var fascinerande men og litt skremmande. Det regna kraftig 14
timar. No fekk me sjå kor viktig grøftinga i gatene er.
Her regna det noko (ikkje mykje).
«Regnet er som fossefall . Gata er som elv
Himmelen er som open eld. Lyn og torden
visar seg. Det skremmer meg.»
No er me endeleg framme, etter eit heilt døgn på reis. Flyturane
har gått fint. Inntrykket av landet er heilt annleis enn det vi hadde tenkt. Me
hadde sett føre oss mykje ørken, elefantar og apekattar i gatene, men når vi
landa i Johannesburg vart me sjokka. Frå flyet såg me skyskrapere og ein svær
by.
Når me kom til Zambia merka me at det var stor forskjell mellom
Johannesburg og Livingstone. På flyplassen i Livingstone kom rektor, ein lærar, Namukolo, sjåfør og
Timoti. Dei tok oss godt i mot og køyrde oss inn til byen. Hotellet vart me overraska over! Det var kjempefine
rom. Me fekk omvisning i nokre av gatene av Webby, ein kjenning her nede. Me
reiste bort på skulen og såg bygget som har blitt bygd for pengane frå «Gi eit
Dagseverk». Det var kjempefint!
I løpet av den vesle tida me har vore her nede har me funne
ut at me må være veldig tolmodige, både på flyplassane og ellers i byen.
Arbeidstempoet her i landet er heilt anna enn heime i Noreg, men dette er ein
del av kulturen her. Det er positive sider ved å ikkje ha så høgt tempo, ein
ser at dei fleste er rolege og stressar minimalt. Kanskje me har noko å lære
her ?
Me har alle dusja og merka at vatnet her er godt klora. Kloren
nyttar dei til å rense vatnet. Me kjøper difor vatn i flasker. Dei har store grøfter ute i gatene som skal
vere med på og føre store mengder med nedbør
vekk i frå byen. Mange av fortaua
er øydelagde på grunn av store nedmørsmengder.
Til saman har me teke ut 3.000.000 kwacha, som blir ca 3500
norske kroner. Dette tilsvarar faktisk tre månadslønnar for ein vanleg arbeidar
i Zambia. Det har vert eit langt døgn og me er rimeleg klare for å finne puta.
Skal opp og få engelsk frukost og sjå på
skulen i morgon. God natt J
Å smile og vera utadvendt er så absolutt noko me kan ta med
oss vidare!
Utanfor flyplassen i livingstone
Gry har funne seg mann
Fotballspeling der 2 steinar var mål
Her ser ein dei gropene som skal føre vatn når det regnar.
So er me på flyplassen og klar for vårt venskap i vatn. Etter tre avgangar og tre landingar vil me i morgon ettermiddag vera klar for sol, varme og masse vatn. me gler oss til nye møte og masse opplevingar.
Arinda, Margrethe og Espen har vore passasjerar med Miss(is) Tokvam i ein strålande Skoda Roomster, medan Monica og Amalie har slite seg seg gjennom mange timar med Mr Flugeim i skulen sin slarkebil, nei ein fantastisk Skoda da og. Mr Flugeim sakna visst nok sin lilla Nissan Micra, ja ja . Kjempestopp på Gol, og elles gjekk da so da susa.
Ungdomen er no i full mondur borti taxfreen (ska tru kva dei kjøper?), medan MR and Miss(is) tek seg ein kvil på kafe. God helg!
fredag 7. september 2012
Fagdidaktikk, blogg og nettverkskompetanse
Vassprosjekt mellom David Livingstone High School og Luster vidaregåande skule
Målgruppe for dette læringsopplegget er elevar
i den vidaregåande skulen
For
å gjennomføre opplegget er ein avhengig av grundig planlegging og av avtalar
med bedrifter utanfor skulen. Ein er og avhengig av at elevane har tilgang til internett for å kunne skrive kommentarar og eigne refleksjonar i fagbloggen.
Kompetansemål:
Vassprosjektet er eit tverrfagleg opplegg som både nyttar den generelle delen av
læreplanen og fagspesifikk læreplan i naturfag Vg1 nivå. I tillegg får elevane kompetanse innan ei rekke kompetansemål frå sammfunnsfag.
Det
første hovudmålet til vennskap Nord/Sør går mellom anna ut på å få til eit
aktivt venskapssammarbeid mellom partane. Vidare i mål 3 til vennskap Nord/Sør
står det å fremje gjensidig kulturell forståing og kontakt mellom folk med ulik
kulturell bakgrunn
Generell
del i læreplanen omhandlar overordna mål for skulen. Vidare i den generelle
delen av læreplanen finn vi skildringar av 7 mennesketypar.
Det
meiningssøkjande mennesket
Det
skapande mennesket
Det
arbeidande mennesket
Det
allmenndanna mennesket
Det
samarbeidande mennesket
Det
miljømedvitne mennesket
Det
integrerte mennesket
Difor
la vi opp til at elever på skulen var med på både dei faglege opplegga og utfluktar
som var av meir sosial karakter.
Å
medverke til ei utvikling som ivaretek menneskerettar, fremjar mellommennskleg solidaritet, demokrati og bærekraftig utvikling.
Eit
av måla frå hovudområdet «berekraftig utvikling» i naturfag for Vg1 seier som følgjer: Du
skal kunne «forklare og nemne døme på
føre-var-prinsippet, usikker kunnskap og omgrepet berekraftig utvikling»
Innhald:
Berekraftig
utvikling vil seie at vi får dekt våre behov utan at det øydelegg for komande
generasjonar når dei skal dekkje sine behov. Det
faglege opplegget rundt samarbeidet går direkte på dette kompetansemålet.
Korleis forvaltar og nytter vi vassressursane våre i dei to landa? Både Zambia
og Noreg har rikeleg med ferskvatn, og i begge landa blir vatnet nytta til
kraftproduksjon og turisme i tillegg til drikkevatn.
Utfordringa
i mange områder er å beskytte drikkevasskjeldene mot ureining og ha
distribusjonsnett som sørgjer for å
levere nok òg reint drikkevatn til forbrukarar. I Noreg følgjer vi EU
sitt vassdirektiv som seier noko om kva slags krav ein stiller til
drikkevasskjelder som forsyner meir enn 50 personar.
I
dette undervisningsopplegget, som vi laga til for samarbeidsprosjektet, knyta
vi til oss fagpersonar i lokalområdet. Dette var heilt i tråd med måla frå
venskap Nord/Sør. Vi nytta Statens naturoppsyn til å fortelje om Jostedalsbreen
nasjonalpark og forvaltninga av denne «vassressursen» og vi besøkte Statkraft
sitt kraftanlegg i Myklemyr og fekk god orientering om korleis eit vasskraftverk er bygd opp.
Dette
passa godt inn i programmet ettersom eit anna kompetasemål under hovudområdet
berekraftig utvikling i naturfag, er å «vurdere
miljøaspekt ved forbruksval og energibruk»
Vasskraft
er ei fornybar energikjelde som ikkje slepp ut CO2. Global oppvarming og
klimaendringar er og eit stort og viktig tema som bør «bakast inn » i
undervisinga i ale samanhengar som det fell naturleg.
Vi
samarbeida og med Luster kommune sin avdeling for kommunalteknikk og fekk
informasjon om koreleis Hafslo sitt drikkevatn vert behandla. SognLab er eigd av kommunane i Indre Sogn og her vert
vassprøver frå kommunane analysert og om ikkje vatnet stetter krava får
vassverka krav om å setje i gang tiltak.
Undervisnings- og arbeidsmåtar:
Blogg som kommunikasjonsmiddel og kunnskapsformidling er ein
sentral del av prosjektet. Det som gjer at blogg egnar seg i eit slikt
undervisningsopplegg og er meir interessant berre vanlig heimeside, er at andre
kan kommentere på innlegga. Ein blogg kan innehalde tekst, videobasert innhald,
lyd, bilete og ikkje minst lenkjer til andre læringsressursar/bloggar.
Lenkjene
gjer det lettare å finne utdjupande informasjon om aktuelle stader/tema som
vert tatt opp i innlegget. I tillegg visar lenkjene at bloggen er oppdatert.
Gjennom lenkene kan ein og vise til det som andre har gjort og reflektert, i
liknande samarbeidsprosjekt. Å ta stilling til det andre har skrevet og
bygge vidare på dette vil vere viktig både for kvaliteten og relevansen av innhaldet.
Det
å "blogge" kan for mange vere ein læringsprosess. Ein kan skrive om sine eigne interesser. Ved å møte andre bloggarar, gjennom kommentarar og lesing av andre sine
bloggar, inngår bloggaren i eit nettverk. Bloggaren viser også at informasjonsinnsamling, refleksjon, og idémyldring er sentralt
i jobben med bloggen. Denne kreative skriveprosessen vert synonym med læring.
Ein
viktig del av dette samarbeidsprosjektet er at elevane får ut å sjå korleis det
verkeleg er der det vert jobba med slike problemstillingar. Gjennom besøk, høve
til å treffe fagfolk, kunne stille relevante spørsmål og opplevingar er ein
sentral del av prosjektet.
Potensialet for bruk av blogg i undervisninger stort.
Vurdering:
aktivitet og det faglege innhaldet i kommentarane er det som vert vurdert.
«Venskap
i vatn»
Video frå besøket hausten 2011
Bakgrunn
David
Livingstone High School og Luster vidaregåande har sidan 2002 hatt ein
venskapsavtale som har resultert i fleire besøk hjå kvarandre.Samarbeidet
starta med eit besøk av elevar og lærarar frå Luster til Livingstone i 2004. I
2010 fekk Luster besøk av elevar og lærarar frå Livingstone. Under det tredje
møtet, hausten 2011, vart det jobba med ein felles søknad for finansiering frå Vennskap Nord/Sør, då ved at lærarar frå Luster var på besøk til
Zambia. Etter å ha fått innvilga søknaden vart det faglege samarbeidet sett i
verk hausten 2012, med vatn som tema for felles prosjekt.
Luster vidaregåande skule er ein av dei minste vidaregåande
skulene i Sogn og Fjordane med ca 130 elevar og ligg i tettstaden Haflso. Bygda
har om lag 1400 innbyggjarar og det er snaue 2 mil til regionsenteret Sogndal. Hafslo
er ei typisk vestlandsbygd med spreidd busetjing med mange små gardar. Gjestene
våre frå Zambia bur i Livingstone, som er ein stor by også i Zambesisk
målestokk.
Vennskap Nord/Sør -formål:
Å skape
utvikling krev innsikt i globale spørsmål
og konkrete, lokale tiltak. Venskapssamarbeid gjer menneska bevisst dei
store samanhengane i verda. Samtidig set vi menneska i stand til å skape
endringar i eige nærmiljø. Ved å byggje lokale nettverk vert sivilsamfunnet
styrka, og nye, kreative løysingar ser dagens lys. Vi driv ikkje bistand eller
naudhjelp, men skapar dialog og konkret samarbeid mellom likeverdige partar.
Vennskap Nord/Sør har tre hovudmål:
Å samle kommunar, organisasjonar, grupper, institusjonar og
enkeltpersonar til aktivt venskapssamarbeid mellom Noreg og
utviklingsland.
Å medverke til ei utvikling som ivaretek menneskerettar, fremjar
mellomfolkeleg solidaritet, demokrati og bærekraftig utvikling.
Å fremje gjensidig kulturell forståing og kontakt mellom folk med
ulik kulturell bakgrunn
Gjennomføring av vassprosjekt (logg)
Besøk frå Zambia og David
Livingstone High School til Luster og Luster vidaregåande skule. To lærarar og
tre elevar kom til Gardermoen den 25. august. Her vart dei henta med bil og
køyrde til Hafslo. Dei vart innlosjert på Tang hytter. På kvelden var det
middag og velkomst på skulen. Her gjekk vi gjennom programmet for besøket.
Søndag 25.08.2012
Søndag var gjestene på privat besøk hjå vener her på
Hafslo. Denne dagen var dei på sightseeing
i nærmiljøet. På ettermiddagen var det eit uformelt treff, der vi mellom
anna la til rette for Facebook kontoar, slik at vi kan halde fram samarbeidet
på nettet utover skuleåret.
Måndag 26.08.2012
Elevar og lærarar frå David
Livingstone High School kom til skulen og åt frukost i lag med elevar og
lærarar frå Luster vidaregåande skule. Etter frukosten var alle samla i
auditoriet for felles informasjon om prosjektet og korleis dette er lagt opp,
kven som er med å støtta det og ein framdriftsplan for prosjektet.
Alle elevane ved Luster vidaregåande skule var samla i auditoriet for å møte gjestene frå Livingstone i Zambia.
Elevane
frå David Livingstone High School presenterte landet, lokalmiljøet og skulen
sin.
Dei
besøkjande var så innom alle klassane og fekk ein kort møte med litt
informasjon om våre utdanningsvegar.
Etter presentasjonen gjekk
turen til Hafslo vassverk som ligg rett ved Luster vidaregåande skule. Her fekk vi omvising og orientering om
vassbehandling i Luster kommune av kjemiingeniør Ingrid Slinde og røyrleggjar
Kjell Skjolden. Vassverket hentar vatn frå Hafslovatnet på 15 meter djup.
Vatnet vert reinsa med membranfilter og
stråla med UV lys for å drepe virus og bakteriar. Representanten frå kommunen
informerte og om ulike reinsemetodar som vert nytta i Noreg og om kva metode
som er mest vanleg i vårt område. I
tillegg snakka vi om at det er eit stort problem med lekkasje i røyrsystem ut
til forbrukar. I einskilde vassverk forsvinn opptil 50% av vatnet grunna
lekkasje. Vi tok prøver frå vatnet og
sende til Sognlab for analyser. Resultata frå prøvane vart presentert for oss
når me vitja Sognlab seinare i veka. Vi tok òg med ureinsa vatn tilbake til
skulen for å sjå på det.
Hafslo vassverk med representantar frå Luster kommune, teknisk drift Kjell Skjolden og Ingrid Slinde
Mikroskopiering på
Luster vidaregåande skule
Måndag ettermiddag hadde barne
og ungdomsarbeidarklassen og helsefagarbeidarklassen lagt til rette for ein
aktivitetsettermiddag. Her laga vi mat saman, åt, padla og bada i Hafslovatnet og spela volleyball saman. Dette var ein fin
kveld for elevane å bli betre kjende. Det var mange elevar som møtte på denne
kvelden, og det vart ei sosial samling som medverka til å skape god kontakt mellom
elevar og lærarar frå dei to skulane.
Måltid i skulen sin
matsal
Kano og kajakk på
Hafslovatnet.
Tysdag 27.08.12
Elevar og lærarar frå David
Livingstone High School kom til skulen og åt frukost i lag med elevar og
lærarar frå Luster vidaregåande skule.
Elevane vart invitert til å vere med på ei kjøkkenøkt i lag med elevar
på utdanningsprogram for restaurant og matfag.
Kjøkenøkt
Etter denne økta vart det
arrangert tur til Sognefjellet. Her deltok nokre elevar frå Luster vidaregåande
skule. Oppe på Sognefjell fekk dei Zambiske gjestene møte snø for fyrste gong i
livet sitt. Stemninga var stor!!. Etterpå køyrde vi til Nørdstedalseter og fekk servert eit
godt måltid i lag med turgåarar i Breheimen. Nørdstedalseter er ei DNT hytte
som ligg på 937 moh. Hytta serverte lokal mat basert på lokale råvarer og
lokale mattradisjoner.( http://ut.no/hytte/noerdstedalseter)
Middag på Nørdstedalseter
Lunsj på Sognefjell
Møte med snø
Onsdag 29.08.2012
Klokka 09.00 var det klart for
avreise til Jostedalen både for elevar frå David Livingstone High School og Luster
vidaregåande skule. Første stopp var Leirdalen fyllingsdam. Her vart det
orientert om korleis vi nyttar vatn frå snø og brèsmelting til kraftproduksjon.
Etter som vi har størst behov for energi om vinteren, lagrar vi vatn i store
magasin for å kunne nytte dette til produksjon av straum om vinteren. Her møtte
vi òg ein journalist frå Sogn Avis som laga ein reportasje om besøket og
prosjektet vårt.
Tunsbergdalsdammen i
Leirdalen
Vi køyrde vidare oppover
Jostedalen og fram til Nigardsgrandane. Her vart vi møtt av ein representant
frå Statens Natur Oppsyn (SNO, Anne Rudsengen). Ho orienterte om Jostedalsbreen
nasjonalpark og om korleis brear formar landskapet. Vi tok båten over
Nidgardsbrevatnet og gjekk den siste biten opp mot breen. Framme ved brekanten
vart det gjort eit eksperiment for å syne at bre er «levande» is i motsetnad
til frose vatn frå springen. Vi eksperimenterte òg med korleis breen har grave
ut dalføre. Vi hadde frose ned stein i is som vart skurt mot berg. Anne kunne òg fortelje at breen inneheld nok
vatn til alt forbruk i Noreg i 100 år framover. Chrispin, geografilærar ved frå
David Livingstone High School som underviser om desse tema til sine elevar, var
glødande interessert. Han gleda seg å komme tilbake til skulen for å kunne
fortelje om opplevingane sine. (http://www.naturoppsyn.no)
Forsøk med breis og
frose vatn frå vassverket
På veg tilbake til Gaupne var
vi innom to kraftverk. Vanndøla småkraftverk er eit lite elvekraftverk som
produserer straum nok til 600 hustandar. Kraftverket er fint å syne fram som
eit døme på korleis eit kraftverk fungerer, ettersom ein kan sjå kor vatnet
kjem inn, turbinen og generatoren, samt kor vatnet kjem ut igjen.
Elevar og lærarar frå
Luster vgs og Livingstone High School
Kraftstasjonen i Myklemyr er
Statkraft sitt anlegg. Her vart vi møtt av Ivar Hårklau. Han tok oss med 1,6 km
inn i fjellet, slik at vi kunne sjå den 10 etg store «bygningen» som ligg inne i fjellet. Anlegget produserer straum til om lag 46000 husstandar. Inne i
kraftstasjonenrekna
vi på farten som vatnet har når det treff turbinen. Svaret vart 151 m/s. Vidare fekk vi omvising i etasjane, såg på
ulike typar turbinar og såg ein film om vindkraftverk utanfor Storbritannia . (http://www.statkraft.no)
Rekneøvinga i kraftstasjonen i Myklemyr. Ivar Hårklauv frå Statkraft var ein god pedagog.
Alle elevane og
lærarane frå Luster vidaregåande skule og Livingstone High School framfor eit vasshjul i kraftstasjonen på Myklemyr.
Torsdag 30/8.2012
Denne
dagen var det skuletur til Fjærland. Vi reiste med rutebuss til Fjærland og med
turbuss heim. Fyrst var vi på Norsk Bremuseum (http://www.bre.museum.no). Vi såg på den flotte klimautstillinga som
museumet har laga i stand. Etterpå var vi i Den norske bokbyen (http://bokbyen.no) og på Hotel Mundal (http://www.hotelmundal.no). Vi åt lunsj, medbrakt matpakke som eit norsk
«fenomen», på bremuseet. Gjestene våre frå Zambia deltok på lik linje som
elevane frå Luster vidaregåande skule.
Bremuseet i Fjærland
har mange aktivitetar knytt til is
Elevane frå
Livingstone, Zambia kjøpte bøker i Bokbyen.
Fredag 31.08.2012
Fredag
var det elevfri ved Luster vidaregåande skule, men fleire av elevane ynskte å delta på denne dagen i lag med dei
zambiske gjestene våre. Fyrst gjekk turen til SognLab i Sogndal. Dette
laboratoriet er eigd av kommunane i Indre Sogn, og dei analyserer vassprøver
frå vassverka i Indre Sogn. På Sognlab
demonstrerte dei korleis rutinar dei har ved behandling av vassprøvane, dei
orienterte om dei ulike krava som vert sett til drikkevatn og dei synte oss
ulike bakterieprøver. (http://www.sognlab.no)
Analyser av
vassprøver på SognLab
Etterpå besøkte vi De
Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum der vi fekk ei omvising. (http://www.dhs.museum.no/)
Bering av vatn ved De
Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum
Dette er starten på eit fagleg prosjekt som begge skulane
håpar å kunne vere med på å vidareutvikle i
framtida.