mandag 24. mars 2014

David Livingstone Secondary School og Safari, mandag 24 mars

I dag starta dagen tidleg. Me vart henta klokka 07.00 og køyrte til David Livingstone Secondery School. Der vart me tatt godt imot av lærarar og elevar som hadde morgensamling utandørs. Me presenterte oss for alle sammen og fekk jublande applaus. Morgensamlinga avslutta med at nokre elevar sang nasjonalsangen til Zambia. Seinare besøkte me kunstklassen som lagde ulike ting av avfall. Dei lagde smykker av bruskorkar og sjokoladepapir og figurar av streng og pappmasje. Vidare besøkte me ulike klassar og såg på kva dei dreiv med. I lunsjen fekk me smake lokalmat som skulen hadde laga til. Der fekk me nshima, tradisjonell kylling og fisk, gresskarbladstuing, biffstuing, pastasalat og anna tilbehør. Før me åt maten måtte me vaske oss på hendene i ein balje med ein vasstank over. 

På David Livingstone Secondary School er det så mange elevar at dei må dele opp i to puljar, ein på formiddagen og ein på ettermiddagen. Det er ca 815 elevar i kvar pulje.
Framføring av Zambias nasjonalsang


Kunstklassen






Bilder laga av frø som er limt på.


Ola vart populær blant jentene
Læraren måtte gå, og ein av elevan fekk overta undervisinga



Bygget for elevar med psykisk utviklingshemming, som Luster vgs har vore med å støtte økonomisk
Det var ca 15 elevar i klassen




Seinare i dag reiste me på Safari i nasjonalparken Mosi-oa-tunya. Der fekk me sjå eit breitt utvalg av Zambias dyreliv.
Giraff
Gnu
Flodhest
Impala
Ein av parkforvaltarane i nasjonalparken
Nasehorn
Det var ikkje lange avstanden mellom oss og dei ville dyra
Vortesvin. PUMBA!!
Øgle

Det var bokstavleg talt ein vill dag!

Dagens fun fact: Solrun fann ut at om ho hadde budd i Zambia, og slutta på skulen no, kunne familien hennar selt ho til ein mann som ville gifte seg, for rundt 7-8 kyr. Men det måtte skjedd fort, for når ho blir litt eldre er ho ikkje vert noko.

søndag 23. mars 2014

Turistar i Livingstone, søndag 23 mars

Etter to dagar med reising og aktivitetar, og utan noko planlagt program, bestemte me oss for å ta det med ro idag. Sidan me hadde fått tips frå Erna, som er lærar ved Luster vgs, reiste me til Zambezi Sun hotel. Det er eit luksus hotell som ligg ved Zambezi elva, eit lite stykke utanfor byen. Me hadde høyrt mykje positivt om hotellet og jammen levde det opp til til forventningane! Heile hotellet er bygd i gjennomført afrikansk stil med raud sandstein, kunst og dekor og levande musikk ved bassenget. 

Desse flotte karane møtte oss ved inngangen

















Me la oss godt til rette ved bassenget og gjorde oss klar til å sleike sol. Det tok ikkje lang tid før me verkeleg fekk oppleve dyrelivet i Zambia. Rett bak oss gjekk det ein sebra og beita roleg. Like etterpå kom ein apekatt og skapte kaos i restauranten, før han sette kursen mot oss med ein dyrepassar i hælane. 




Vidare i dag har me solt oss, bada og ete god mat


Alle kosar seg med maten! Eller kva seier du Solrun?



Nok ein gang har Kjersti gått på ein smell. Vel tilbake på hotellet kunne ho ikkje finne telefonen sin og fekk Emilie til å ringe etter den. Emilie ringte og både ho og Kjersti lytta etter ringelyden. Lite sjokka vart Emilie då ein mann svarte "Hello?". Kjersti derimot tok alt med ro, og rekna med den låg igjen på Zambezi Sun. Ho reiste ned i resepsjonen, skaffa seg ein drosje og reiste for å hente den.
Eit stykk godt fornøygd Kjersti med telefonen i god behold.
Dagens fun fact: Prisen for eit dobbeltrom ei natt på Zambezi Sun hotel er ca 1800 kr. Det er ganske likt prisen for eit godt hotell i Noreg, men der er det dessverre ikkje inkludert sebraer.





Victoria Falls, lørdag 22 mars


Dagen i dag byrja med frukost på hotellet, som bestod av egg, bønner og tørr loff. Etterpå reiste me ut og utforska området og butikkane. I hovudsak er det kjekt å gå rundt og sjå, men som dei naive nordmennene me er, er det jo lett å bli lurt. Kjersti hadde tenkt å veksle dei  50 dollarane ho hadde i Kwacha, men det viste seg å vera ein dum idé. For det første vart ho tilbudd ein dårleg kurs og bestemte seg da for å ikkje veksle likevel. Ho tok tilbake 50-lappen mannen hadde fått og gjekk sin veg. Det viste seg da at den 50-lappen ikkje var nokon 50-lapp, men ein 1 dollarlapp, og Kjersti var blitt lurt trill rundt.


Me elevane møtte óg på uvanlege inntrykk. Medan me vandra sorglaust nedover gata, møtte me ei dame som hadde med seg tre levande og klukkande høner i plastikkpose. Dette tykte me var eit forferdeleg syn. Men sjølvsagt er det mange spennande ting å sjå også. Damer som går med baljer med frukt på hovudet og eit barn hengane i eit tørkle på ryggen er berre nokre av kvardagslege tinga å sjå her i Zambia. Ola fekk seg også eit heilt EKTE Dolce and Gabbana belte, til berre 120 kr!
Godt fornøygd med nytt belte!

Klokka 14.30 kom det lærarar og elevar ved Livingstone High School og henta oss på hotellet. No skulle me besøke Victoria Falls, og dette gleda me oss til. Der fekk me oppleve fossefallet på nært hold og for eit syn! Ikkje berre fekk me sjå fossen, men jammen fekk me kjenne den også. Me skulle gå over brua og vart advart om at me kom til å bli våte. Jaja, tenkte me, kor gale kan det eigentleg vere? Me begav oss så ut på det som kom til å bli den våtaste turen me nokon gong kom til å oppleve. Vatn frå fossen regna ned over oss, og me vart gjennomvåte på sekundar! Det er vanskeleg å forstå det før du faktisk er der. Etterpå gjekk me ned til det som heiter Boiling Pot, der elva møter fjellet og har så sterk straum at det ser ut som det kokar. Me gjekk ein liten kilometer nedover på ein sti av trappetrinn, og dei fleste av oss er nok godt stive i leggane i morgon.  Me gjekk også over brua som går over elva, og kryssa grensa til Zimbabwe. 

Norske og Zambiske elevar

Boiling Pot




Zambiarane hadde tatt med snacks og forfriskingar til oss, og alle fekk seg eit eple på brua. Emilie kom derimot ikkje så langt på sitt eple. Ein stor bavian hadde fått ferten av denne deilige frukten og sette kursen mot ho. Vettskremt og panikkslagen kasta Emilie eplet frå seg. Eit stykk godt fornøygd bavian fekk seg eit deilig eple, medan me elevane fekk nokre gode bileter.
Vår nye, og litt skumle venn

Etter ein lang og litt slitsam dag med masse intrykk, reiste me våte, trøtte, kalde og svoltne tilbake til hotellet. Der åt me ein god middag og ein heilt grei banansplitt utan banan, det hadde dei nemleg ikkje igjen. Kven skulle tru det var mangel på bananer i Afrika?!


Dagens fun fact: Me fann ut at «Ola» betyr «kjøpe» på Tonga, som er eit av stammespråka i Zambia.
Selfie med Marcel!

fredag 21. mars 2014

Gjenvisitt i Livingstone med tema avfallshandtering,




I haust kom 3 elevar og 2 lærarar frå David Livingston Highscool til Luster vgs på Nord-Sør utveksling. Temaet me hadde for besøket var avfallshandtering, og no er me i Livingstone i høve same temaet.

Me som er so heldige å få reise denne gongen er Ola Kinserdal, Monica Skjeldestad, Solrunn Bøtun, Emilie Risnes Øyre, Anja Hønsi, Kjersti Evenstad Dalaker og Gro Hovland.

Reisa for å komme hit, var lang. Me sette oss i ein maxitaxi i Sogndal kl. 05.15 torsdag 20. mars 2014 og kom fram til hotellet i Livingstone fredag 21.3. i 14- tida. Heime var det 50 cm nysnø med regn i, og her er det sol og 33 grader i skyggen. Heilt greitt! Ukomplisert reise. Solrunn og Monica har fått med seg nesten alt som har skjedd på heile turen, for dei har berre sove ein time kvar! Det vart mykje sitjing, so Kjersti måtte ha seg nokre trappeløp på flyplassen i Johannesburg.
Etter ei lang natt på flyet, er me her kommen til flyplassen i Johannesburg
5 lærarar frå skulen her i Livingstone møtte oss på flyplassen og køyrde oss til Fairmount Hotel. Her vart me installert på fine rom, og etterpå køyrde viserektoren oss ein liten tur i byen for å gjere oss kjent med kor me kan ta ut pengar på ein trygg måte og kor me kan handle mat og vatn trygt. Me har fått vite at det av og til blir  fylt springvatn på flasker som dei sel i butikkane og dette vatnet kan vere uheldig for magen vår.
Etter ein etterlengta dusj, gjekk me ein runde i byen, fekk ta ut pengar og kjøpt vatn. Emilie kjøpte ein pose med fleire flasker vatn pluss nokre saker til oppi. "Dette kostar ikkje meir enn ein tyggispakke heime", sa ho fornøgd etter handelen!

Før me kjem til butikkane frå hotellet, går me gjennom det lokale handverksmarkedet. Her blir me bondefanga av seljarane, for dei vil svært gjerne selje varene sine til oss. Dei brukar mange triks og me har gått på fleire av dei allereie. Ein seljar ville ha hårstrikken til Solrunn og sokkane til Ola som betalingsmiddel og då var handelen i gang! Etterpå ville seljaren ha litt Kwacha i tillegg. Spørs om det går det fleire gonger.

Frå det locale markedet
Medan Ola var midt i ein handel på markedet, høyrde han ei jente rope "Hello Ola!". Då han snudde seg, kjende han att Cindy, ein av dei Zambiske jentene som var på besøk til Luster i haust. Godt gjort at ho hugsa både guten og namnet. Han må nok ha gjort eit godt inntrykk på ho:-). Snakk om tilfeldigheiter!



Me avslutta dagen med middag på hotellet. Her fekk me forståing for omgrepet "African time". Det gjekk rundt ein time frå me bestilte til med fekk maten. Men det var verdt kvart minutt - maten smakte fortreffeleg! Då me fekk rekninga, såg me at 7 stykker hadde ete godt for same prisen som ein person hadde måtte betale heime.

Det blir tidleg senga på oss i kveld og heldigvis startar programmet ikkje før på ettermiddag i morgon. Allereie etter første dagen har me fått mange spennande inntrykk. Stemningen og samhaldet i gruppa er veldig godt og me gler oss til dagane som kjem :-)

mandag 3. desember 2012


30.11 Siste dag i Livingstone

Dagen starta med besøk i Livingstone naturhistoriske museum. Saman med våre vener her i Livingstone fekk me ein omvisning frå  tidleg steinalder og fram til i dag.  Museumet hadde ulike avdelingar  som med gode illustrasjonar og utstillingar viste  utviklinga av mennesket, samfunnsutvikling frå land til by og korleis landet har endra seg frå tid med slavehandel, frå koloni til sjølvstende. Det er faktisk under 50 år sidan (1964) landet vart eigen stat, då vart dei frigjort frå Storbritania. Undervegs fortalde Namukolo oss om ulike «feiringar» i livsløpet. Det var interessant og litt rart å høyre om korleis det er å bli «sertifisert» som vaksen kvinne klar for å stifte familie. Her var mykje å lære om og forhåpentlegvis sit me alle att med litt meir kunnskap om land og kultur.

 
Museet hadde også ein eigen avdeling som viste David Livingstone sitt liv frå hans oppvekst i Europa til alle misjonærturane og grunnlegging av Livingstone. Historisk er han ein svært viktig person for folket her.

 
Fyrste dagen me var på skulen såg me mykje fint stoff som var batikkfarga, og i dag skulle me få sjå prosessen. Mr Nava, som er kunst- og handverkslærar,  viste oss korleis ein lagar batikk. Nokon av oss bretta saman ulike stoff, han la dei i fargekar og vips så hadde med dei flottaste mønstra. No kan me forstå korleis alle flotte fargane på stoff vert til. Vel og merka er dette ein prosess med ein del sterke kjemikaliar, så her skal ein i høgste grad bruke verneutstyr.

 Presentasjon og litt formidling til lærarkollegiet, ein glad gjeng som no gjekk ut i ferie! rektor Mapondo i bakgrunn

Etter desse to øktene var det tid for å ta farvel med elevane som har vore med oss fleire dagar: Masela, Mulimo, Maggret, Kabwe og Timothy. Dei er klare for ein lang ferie fram til 7.januar no. Nokon «sommarjobb»  er ikkje aktuelt men  å  hjelpe til heime hjå foreldra er ein naturleg del av kvardagen.

 



Seinare på kvelden møtte me rektor Mapondo, deputy head teacher Mr. Inyambo, Miss Namukolo, Mr.  Nawa og sjåføren «Sibs» til ein koseleg avsutningsmiddag.  Her  var det utdeling av gåver både frå sør og nord  og praten gjekk livleg  om ulike ting, som mellom anna erfaringar og neste prosjekt. Me skulle også overbringe dei varmaste helsingar frå rektor og lærarane til elevar og tilsette ved Luster vgs.

 Elles så er dette ein dag med  tankar tilbake og refleksjon over denne tida me har tilbringa her. Her er så uendeleg med inntrykk og ikkje alt er like lett å formidle. Elevane er i gang med å førebu seg  til korleis dei skal formidle dette til resten av skulen  og  lærarane held på med evaluering av inneverande prosjekt samt søknad for nytt prosjekt.

Kort oppsummert :

At det ikkje berre sand, små hytter og elendigheit, slik me ser på nyheitene. At dei har mykje av dei same tinga som me har i Noreg.

Vi har sett at Zambia er rike på vassressursar, slik som vi er heime i Noreg. Kraftstasjon ved Victoria falls var enorm og då vert vår i Jostedalen litt liten i forhold.

Vi hadde trudd at drikkevatnet var tilsett mykje fleire kjemikaliar enn det som er sanninga. Me klorar vatnet på lik linje medan dei og tilset kjemikaliar for å gjere vatnet klårt.

Det har vore utruleg kjekt å bli endå betre kjent med elevane og lærarane og endå fleire frå Livingstone.

                    Zibs er "ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er ein mann med godt humør"!

Ein ting som alle la godt merke til var den utruleg høflegheiten, og klemminga mellom mennesker. Heilt frå første stund vart me tatt imot med handhelsing og klemmar. Dette var veldig underleg i byrjinga då dette absolutt ikkje er vanleg i Noreg. Kvifor skal eg klemme ein ukjend person, var ein tanke som surra gjennom hovudet. Litt etter litt blei me vande med dette, og plutseleg blei me alle like ivrige som våre venner fra Livingstone.  

TAKK FOR EIN FANTASTISK TUR

 Amalie, Arinda, Espen, Monica, Margrethe, Morgan, Gry

  

 

 

 





29.11.12 Kraftverk og Victoria Falls

Me reiste til kraftverket i Livingstone. Her vart me viste rundt på tre kraftstasjonar som låg nede i eit juv, 107 meter frå normalhøgda. Det var eit enormt stort anlegg, den største kraftstasjonen hadde 6 store turbinar som på maksimum kan produsere 60 mega watt. Frå den største gjekk me til den nest største, dette anlegget hadde 4 turbinar og kunne produsere 40 mega watt. Det minste anlegget kunne produsere 8 mega watt og var frå 1934. Straumen blir danna av vatn frå Victoria Falls som går inn i turbinane og får dei til og gå rundt. Sjølv om alle desse kraftstasjonane produserer 108 mega watt er dette berre den tredje største kraftstasjon i Zambia. Totalt blir det produsert maksimum 1500 mega watt i heile Zambia.  Livingstone brukar mellom 25 og 40 megawatt,  men dette er ikkje nok Zambia treng 2000 mega watt. Inntekta til kraftasjonane er pengane dei får fra kundar. Kundane har to ulike måtar å få straum på, dei kan kjøpe straum på førehand eller at kraftasjonen estimerer kor mykje straum dei brukar. Dette er ulikt frå Noreg,  der ein betalar etter kor mykje ein har brukt.

 
Utanfor kraftstasjon, 26 etg med heis ned frå platået
Etter besøket i kraftverket reiste me for å sjå sjølvaste Victoria Falls. Dette var stort for både lærarar og elevar frå begge land. Før me starta å gå var det lunch i bussen. Me skulle ete på kanten av fossen, men bavianane hadde vorte for pågåande for å ta maten frå oss. Det er ikkje tilrådeleg å legge seg ut med dei, dei kan skade mennesker. Fossen var ikkje akkurat som me hadde sett føre oss. På alle bilda me hadde sett på førehand var det MASSE vatn. Men me fekk sjå korleis det er når det ikkje er regntid. Då er det mindre mengd med vatn og det blir meir enkelte elver og ikkje ei stor. Dei som ville kunne få vere med å gå ned til «the boiling point» som var i botnen av Victoria Falls. Espen, Morgan og Gry gjekk ned mens me andre jentene gjekk på markedet og fekk kjøpt seg endå fleire souvernirar.  Me fekk og vassa litt i Zambezielva,  vatnet var veldig varmt og godt å vasse i.


Bading i Zambezi, før vatnet fer utfor

 

Attende på hotellet gjekk det ikkje mange minutta før Amalie, Espen og Arinda hadde komme seg nedi bassenget, dette grunna at me endeleg hadde ein soldag. Seinare på kvelden reiste me på restaurant med Namucolo og åt god mat. I alt har dagen vore  fin og interessant.  Victoria Falls var stort å få sjå.